Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 67. Rett for tilsette til å velje styremedlemmar

Samvirkelova·Kapittel 6. Leiinga av foretaket

Rett for tilsette til å velje styremedlemmar

(1) I foretak med fleire enn 30 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at ein styremedlem og ein observatør med varamedlemmar skal veljast av og mellom dei tilsette. (2) I foretak med fleire enn 50 tilsette kan eit fleirtal av dei tilsette krevje at opp til ein tredel og minst to av styremedlemmane med varamedlemmar skal veljast av og mellom dei tilsette. (3) I foretak med fleire enn 200 tilsette skal dei tilsette velje ein styremedlem med varamedlem eller to observatørar med varamedlemmar i tillegg til den representasjonen som følgjer av andre ledd. (4) Forskrifter etter aksjelova § 6-4 fjerde ledd gjeld tilsvarande for val etter paragrafen her så langt dei høver.

Ansatte i visse samvirkeforetak kan kreve å velge representanter til styret eller som observatører. Antall representanter avhenger av hvor mange ansatte foretaket har.AI

Se ogsåAksjeloven § 6-4omtalt i 2 kilderreferert av 7

Sammenheng

Se også1
Referert av7
Nevnt i2

Koblinger for § 67 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →