Lov
Nynorsk
§ 143. Orskurden frå tingretten
Orskurden frå tingretten
(1) Er varsel til foretaket kunngjort etter § 142 andre ledd, og har foretaket ikkje halde fristen i kunngjeringa, skal Foretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret varsle tingretten om dette.
(2) Tingretten skal utan vidare varsel ved orskurd vedta foretaket som oppløyst etter § 141, dersom ikkje vedtak om oppløysing allereie er gjort av årsmøtet. Orskurden har verknad som orskurd om konkursopning etter konkurslova kapittel VIII.
(3) Dersom vesentlege samfunnsmessige omsyn tilseier det, kan Kongen av eige tiltak gjere vedtak om at foretaket kan drive vidare, og at saka likevel ikkje skal sendast til tingretten for tvangsoppløysing, men at foretaket skal få ein ytterlegare frist før tvangsoppløysing blir gjennomført. Kongen skal gjere vedtak om at foretaket i så fall skal betale ei løpande tvangsmulkt til staten frå ein frist som blir sett og fram til forholdet er retta.
Hvis et foretak ikke overholder fristen i et varsel, kan tingretten beslutte at foretaket skal oppløses. Kongen kan imidlertid bestemme at foretaket får fortsette driften mot at det betales en løpende tvangsmulkt til staten.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 24 juni 2011 nr. 33 (ikr. 1 juli 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 647). Vert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 48 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).
Se ogsåSamvirkelova § 142Samvirkelova § 141omtalt i 1 kilde →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 143 i samvirkelova.