Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 141. Oppløysing etter orskurd frå tingretten

Samvirkelova·Kapittel 10. Oppløysing o.a.

Oppløysing etter orskurd frå tingretten

(1) Dersom ikkje årsmøtet vedtek oppløysing, skal tingretten ved orskurd vedta foretaket oppløyst i desse tilfella: 1) når foretaket skal løysast opp som følgje av føresegner i lov eller vedtekter, 2) når foretaket ikkje har meldt til Foretaksregisteret eit styre som fyller dei vilkåra som følgjer av føresegnene gitt i eller i medhald av lov, 3) når foretaket etter lova skal ha dagleg leiar, og ikkje har meldt til Foretaksregisteret ein dagleg leiar som fyller dei vilkåra som er fastsette i lov, 4) når foretaket er revisjonspliktig etter revisorlova og ikkje har meldt til Foretaksregisteret ein revisor som fyller dei vilkåra som er fastsette i lov, 5) når årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding som foretaket skal sende til Rekneskapsregisteret etter rekneskapslova § 8-2, ikkje er innsende innan seks månader etter fristen for slik innsending, eller når Rekneskapsregisteret når fristen er ute, ikkje kan godkjenne det innsende materialet som årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding. (2) Retten kan berre vedta foretaket oppløyst som følgje av føresegner i vedtektene når ein medlem har sett fram krav om det og årsmøtet har lete vere å gjere vedtak om oppløysing etter § 127.

Tingretten skal vedta at et samvirke oppløses dersom visse lovbestemte krav ikke er oppfylt, eller hvis vedtektene krever det. Dette gjelder blant annet manglende styre, daglig leder, revisor eller for sene regnskap.AI

Se ogsåRegnskapsloven § 8-2 første leddSamvirkelova § 127omtalt i 1 kildereferert av 5

Sammenheng

Se også2
Referert av5
Nevnt i1

Koblinger for § 141 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →