Lov
Nynorsk
§ 142. Behandling av saker om oppløysing etter § 141
Behandling av saker om oppløysing etter § 141
(1) Når vilkåra i § 141 første ledd nr. 1 til 4 er oppfylte, skal Foretaksregisteret sende foretaket varsel om dette. I tilfelle som nemnt i § 141 første ledd nr. 5, skal Rekneskapsregisteret sende varselet. Foretaket skal få ein frist på ein månad til å rette tilhøvet. Følgjene av at fristen ikkje blir halden, skal også opplysast.
(2) Har foretaket ikkje retta tilhøvet når fristen går ut, skal Foretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret ta opp igjen varselet ved kunngjering i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal det opplysast at vilkåra for oppløysing av foretaket er oppfylte, og at foretaket har ein frist på fire veker frå kunngjeringa til å rette tilhøvet. Følgjene av at fristen ikkje blir halden, skal også opplysast.
(3) Dersom det er tenleg, kan tingretten gi varsel etter føresegna her.
Når vilkåra for oppløysing er oppfylte, skal Foretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret sende varsel til foretaket. Foretaket får fristar til å rette tilhøvet, og manglande retting kan føre til kunngjering om oppløysing. Tingretten kan i visse tilfelle gi varselet.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lover 24 juni 2011 nr. 33 (ikr. 1 juli 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 647), 14 juni 2013 nr. 41 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 14 juni 2013 nr. 638).
Sammenheng
Se også1
Referert av1
Nevnt i2
Koblinger for § 142 i samvirkelova.