Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 135. Utdeling til medlemmane og anna disponering over gjenverande midlar

Samvirkelova·Kapittel 10. Oppløysing o.a.

Utdeling til medlemmane og anna disponering over gjenverande midlar

(1) Utdeling til medlemmane eller anna disponering over gjenverande midlar kan ikkje finne stad før foretaksskyldnadene er dekte, og det er gått minst to månader frå kunngjeringa av kreditorvarselet i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon etter § 130. (2) Slike utbetalingar kan likevel skje dersom det berre står igjen uvisse eller omtvista skyldnader, og det blir sett av ein tilstrekkeleg sum til å dekke dei. Om ikkje anna er avtalt, skal summen setjast inn på ein felleskonto for foretaket og den kreditoren det gjeld, slik at uttak ikkje kan skje utan skriftleg samtykke frå begge partar eller endeleg dom. (3) Medlemmane i foretaket har rett til å få utbetalt andelsinnskota og inneståande på medlemskapitalkonti dersom det er midlar i foretaket etter at skyldnadene er dekte. Renter på andelsinnskot eller medlemskapitalkonti har medlemmane berre krav på å få utbetalt dersom det følgjer av vedtektene at forrenting skal skje. Vedtektene kan fastsetje at medlemmane ved oppløysing ikkje skal ha krav på å få utbetalt andelsinnskota eller inneståande på medlemskapitalkonti. (4) Gjenverande midlar utover dette skal gå til samvirkeformål eller allmennyttige formål. I eit sekundærsamvirke skal midlane i staden fordelast på dei som er medlemmar på oppløysingstidspunktet, dersom ikkje noko anna følgjer av vedtektene. Føresegnene i femte ledd andre og tredje punktum gjeld i så fall tilsvarande. (5) Vedtektene kan fastsetje at dei gjenverande midlane heilt eller delvis skal gå til dei som er medlemmar på oppløysingstidspunktet, eventuelt også tidlegare medlemmar. Fordelinga av midlane må i tilfelle skje på grunnlag av deira omsetning med foretaket dei siste fem åra. Vedtektene kan fastsetje ein annan periode enn fem år, likevel ikkje under eitt år. (6) Ei vedtektsendring som inneber at medlemmane får ein større andel av dei gjenverande midlane ved oppløysing, krev fire femdels fleirtal av dei røystene som blir gitt. Slik vedtektsendring kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning. Godkjenninga skal leggjast ved meldinga til Foretaksregisteret om vedtektsendring.

Se ogsåSamvirkelova § 130referert av 7

Sammenheng

Se også1
Referert av7

Koblinger for § 135 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →