Vedtektsendring
(1) Årsmøtet kan vedta å endre vedtektene med to tredelar av dei røystene som er gitt. Vedtektene kan setje strengare vedtakskrav.
(2) Vedtektsendringar som inneber
1) vesentlege endringar av formålsføresegna,
2) meir tyngjande heftereglar for medlemmane,
3) skjerping i plikta til å gjere innskot i foretaket,
4) innføring av omsetningsplikt med foretaket eller vesentleg skjerping av slik plikt, eller
5) avgrensingar i retten til å tre ut,
krev tilslutning frå minst fire femdelar av dei røystene som er gitt.
(3) Blir det gjort vedtektsendringar som nemnt i andre ledd, kan ein medlem som har røysta imot, tre ut av foretaket etter reglane i § 24 første ledd, om melding om det blir gitt seinast ein månad etter vedtaket. Første punktum gjeld ikkje for medlemmar som har vore representerte ved utsendingar.
Årsmøtet kan endre vedtektene med to tredjedels fleirtal, men visse store endringar krev fire femdelars fleirtal. Medlemmer som stemmer imot slike store endringar, kan i visse tilfelle tre ut av foretaket.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av1
Koblinger for § 54 i samvirkelova.