Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 53. Vanleg fleirtalskrav

Samvirkelova·Kapittel 5. Årsmøtet o.a.

Vanleg fleirtalskrav

(1) Eit vedtak av årsmøtet krev fleirtal av dei røystene som er gitt, om ikkje anna er fastsett i lova. Står røystetalet likt, gjeld det som møteleiaren sluttar seg til, også om møteleiaren ikkje har røysterett. Blanke røyster blir likestilt med røyster som ikkje er gitt. (2) Ved val eller tilsetjing skal den som får flest røyster, reknast som vald eller tilsett. Årsmøtet kan på førehand avgjere at det skal røystast på nytt dersom ingen får fleirtal av dei røystene som er gitt. Står røystetalet likt, blir avgjerda gjort ved loddtrekning. (3) Vedtektene kan setje andre vedtakskrav enn dei som følgjer av paragrafen her, og andre reglar om følgjene av like røystetal og blanke røyster.

Hovedregelen er at vedtak på årsmøtet kreves ved vanlig flertall av avgitte stemmer. Ved valg vinner den som får flest stemmer. Vedtektene kan fastsette andre regler for flertall og stemmegivning.AI

Les hele loven i sammenheng →