Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5. Konsern

Samvirkelova·Kapittel 1. Innleiande føresegner

Konsern

(1) Eit morforetak utgjer saman med eitt eller fleire dotterforetak eit konsern. (2) Eit samvirkeforetak er eit morforetak dersom det på grunn av avtale eller vedtekter eller som eigar av aksjar eller andelar har avgjerande innverknad over eit anna foretak. Eit samvirkeforetak skal alltid reknast for å ha avgjerande innverknad dersom foretaket: 1) har så mange aksjar eller andelar i eit anna foretak at dei representerer fleirtalet av stemmene i det andre foretaket, eller 2) har rett til å velje eller avsetje eit fleirtal av medlemmane i styret til det andre foretaket. (3) Eit foretak som står i forhold som nemnt i andre ledd til eit morforetak, er eit dotterforetak. Eit samvirkeforetak etter § 1 i lova her kan ikkje vere dotterforetak. (4) Ved fastsetjinga av stemmerettar og rettar til å velje eller avsetje styremedlemmar skal ein rekne med rettar som morforetaket og dotterforetaka til morforetaket har. Det same gjeld rettar som høyrer til nokon som handlar i eige namn, men for rekninga til morforetaket eller dotterforetaket.

Et konsern består av et morforetak og ett eller flere dotterforetak. Et samvirkeforetak er et morforetak hvis det har avgjørende innflytelse over et annet foretak, for eksempel gjennom eierskap eller styrekontroll.AI

Se ogsåSamvirkelova § 1referert av 6

Sammenheng

Se også1
Referert av6

Koblinger for § 5 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →