Lov
Nynorsk
§ 48. Opning av møtet. Møteleiar
Opning av møtet. Møteleiar
(1) Styreleiaren eller den styret har peikt ut, opnar årsmøtet. Er det fastsett i vedtektene kven som skal vere møteleiar eller at eit anna organ enn årsmøtet skal velje møteleiaren, jf. andre ledd andre punktum, opnar møteleiaren årsmøtet. Har tingretten innkalla årsmøtet, skal retten peike ut den som skal opne møtet. Avgjerda frå tingretten kan ikkje ankast. Blir årsmøtet halde som fysisk møte, skal den som opnar møtet delta fysisk.
(2) Årsmøtet skal velje ein møteleiar, som ikkje treng vere medlem eller utsending. Vedtektene kan fastsetje kven som skal eller kan vere møteleiar, eller at eit anna organ enn årsmøtet skal velje møteleiaren. Blir årsmøtet halde som fysisk møte, skal møteleiaren delta fysisk. Vel årsmøtet møteleiar, må denne veljast blant dei som er fysisk til stades på årsmøtet.
Bestemmelsen forklarer hvem som åpner årsmøtet og hvordan møteleder blir valgt. Det stilles krav om fysisk tilstedeværelse dersom møtet avholdes fysisk.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).
Sammenheng
Koblinger for § 48 i samvirkelova.