Lov
Nynorsk
§ 9. Krav til innhaldet i stiftingsdokumentet
Krav til innhaldet i stiftingsdokumentet
(1) Stiftingsdokumentet skal innehalde vedtekter for foretaket, jf. § 10.
(2) Stiftingsdokumentet skal dessutan opplyse om:
1) namn eller foretaksnamn, adresse og fødselsnummer eller organisasjonsnummer for stiftarane,
2) namn, adresse og fødselsnummer for dei som skal vere medlemmar av styret.
(3) Dersom stiftarane skal gjere innskot i samband med stiftinga, skal stiftingsdokumentet også opplyse om:
1) det beløpet som kvar stiftar skal betale,
2) summen av innskotsskyldnadene til stiftarane,
3) tidspunktet for oppgjer av innskotsskyldnadene.
Skal ein eller fleire stiftarar gjere opp innskotsskyldnaden med anna enn pengar, skal stiftingsdokumentet opplyse om kva eigedelar det gjeld, namnet og adressa til innskytaren og kva vilkår som skal gjelde.
(4) Departementet kan utarbeide standard stiftingsdokument.
Denne bestemmelsen fastslår hva som må stå i dokumentet når man stifter et samvirkeforetak. Det inkluderer vedtekter, informasjon om stifterne og styremedlemmene, samt detaljer om eventuelle innskudd.AI
Se ogsåSamvirkelova § 10
Sammenheng
Se også1
Koblinger for § 9 i samvirkelova.