Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 1.

Sjøtrygdelagloven·Sist endret 21. desember 2009
Denne lova gjeld tilsyn med ymsesidige sjøtrygdelag som etter sine vedtekter har eit geografisk avgrensa virkeområde, og som ikkje kan teikna større trygd enn kr. 25.000 for eiga rekning på ein vågnad, og berre trygdar farty, fiskereiskap, utstyr og fengd, og reiaransvar, tidstap og andre trygdingar som går inn som eit naturleg ledd i moderne fiskeridrift. Finanstilsynet kan i serlege høve godkjenne høgare sum enn kr. 25.000 for eiga rekning på ein vågnad, men ikkje høgare enn kr. 100.000. Områdeavgrensinga i første leden gjeld ikkje for attertrygding i samsvar med attertrygdskipnad som Finanstilsynet har godkjent. Arbeidsområdet kan vera meir enn ti kommunar når det kjem av at talet på kommunar i området aukar etter at laget er skipa. Har laget gjort ei attertrygdavtale som er godkjent av Finanstilsynet, kan høgstesummen for eiga rekning på ein vågnad aukast til kr 100.000. Dersom Finanstilsynet finn det forsvarleg, kan det for det einskilde lag godkjenne høgare sum, men ikkje utover kr 300.000. Kongen kan endra summane i første og tredje leden for trygd for eiga rekning på ein vågnad. Ein kjøl, garnlenk, anna reiskapseining eller ein lagringsplass vert rekna for ei vågnadseining.

Lova gjeld tilsyn med gjensidige sjøtrygdelag med avgrensa geografisk område. Laga kan trygde fartøy, fiskeutstyr, fangst og reiaransvar knytt til moderne fiskeridrift, med visse grenser for summen per eining.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 22 mars 1963 nr. 4, 26 mars 1982 nr. 10, 7 juni 1985 nr. 47, 10 des 2004 nr. 80 (ikr. 1 jan 2005, etter vedtak 21 des 2004 nr. 1685), 19 juni 2009 nr. 48 (ikr. 21 des 2009 iflg. res. 18 des 2009 nr. 1603).

referert av 1

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Referert av1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 1 i sjøtrygdelagloven.

Les hele loven i sammenheng →