Krav til skrivekompetanse
Statsorgan og fylkeskommunar skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her.
Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.
Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.
Statsorgan og fylkeskommunar skal ha nok kompetanse til å bruke bokmål og nynorsk. Statsorgan skal krevje at tilsette kan skrive begge målformene, medan fylkeskommunar kan gjere det same.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).
Sammenheng
Nevnt i2
Endringshistorikk1
Koblinger for § 16 i språklova.