Lov
Nynorsk
§ 5-4. Retten tilsette har til å velje styremedlemer i konsernforhold
Retten tilsette har til å velje styremedlemer i konsernforhold
(1) Når eit statsføretak er morføretak i eit konsern, kan konsernet inngå skriftleg avtale med eit fleirtal av dei tilsette i konsernet eller med éin eller fleire lokale fagforeiningar som representerer eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, om at dei tilsette i konsernet ved at § 5-4 kjem i bruk, skal reknast som tilsette i føretaket.
(2) Når eit statsføretak er morføretak i eit konsern, og det ikkje er inngått avtale etter første ledd, kan Kongen etter søknad frå konsernet, eit fleirtal av dei tilsette i konsernet eller éin eller fleire lokale fagforeiningar som representerer eit fleirtal av dei tilsette i konsernet, bestemme at ved bruken av § 5-3 skal dei tilsette i konsernet reknast som tilsette i føretaket.
(3) Første og andre ledd gjeld tilsvarande når eit statsføretak tilhøyrer ei gruppe av føretak som er knytte saman gjennom ei felles leiing.
(4) Kongen kan ved enkeltvedtak eller i forskrift bestemme at paragrafen her skal gjelde for delar av eit konsern eller ei slik gruppe.
Regelen bestemmer hvordan ansatte i et konsern kan få rett til å velge styremedlemmer i et statlig morselskap. Dette kan skje gjennom en skriftlig avtale eller ved beslutning fra Kongen.AI
Sammenheng
Utfyllende forskrifter2
Se også1
Referert av4
- Forskrift om de ansattes rett til representasjon i styret i statsforetak mv. § 21Avtale om etablering og opphør av felles representasjonsordning
- Forskrift om de ansattes rett til representasjon i styret i statsforetak mv. § 28Søknad om å etablere felles representasjonsordning
- Statsføretakslova § 5-5Tenestetida til styremedlemer
- Statsføretakslova § 5-6Avgang og avsetjing før tenestetida tek slutt
Koblinger for § 5-4 i statsføretakslova.