Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7-3. Fusjon (samanslåing) av eit statsføretak med eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap

Statsføretakslova·Kapittel 7. Føretaksendringar m.m.

Fusjon (samanslåing) av eit statsføretak med eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap

(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak (det overdragande føretaket) kan overdra eigedelane, rettane og forpliktingane sine som heilskap til eit aksjeselskap eller eit allmennaksjeselskap (det overtakande selskapet) mot at staten får ei av desse formene for vederlag: a) aksjar i det overtakande selskapet b) slike aksjar med eit tillegg som ikkje må overstige 20 prosent av det samla vederlaget. (2) Ved fusjonen gjeld reglane om fusjon i aksjeloven §§ 13-3 til 13-22 tilsvarande dersom det overtakande selskapet er eit aksjeselskap, og reglane om fusjon i allmennaksjeloven §§ 13-3 til 13-23 dersom det overtakande selskapet er eit allmennaksjeselskap. Når reglane i aksjeloven eller allmennaksjeloven blir nytta, er det føretaksmøtet som blir rekna som generalforsamlinga til det overdragande føretaket.

Kongen i statsråd kan beslutte at et statsforetak skal slås sammen med et aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Ved en slik sammenslåing overføres alle eiendeler, rettigheter og plikter, og staten mottar aksjer eller aksjer med et begrenset tillegg som betaling.AI

Se ogsåAksjeloven § 13-3Aksjeloven § 13-22Allmennaksjeloven § 13-23

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 7-3 i statsføretakslova.

Les hele loven i sammenheng →