Lov
Nynorsk
§ 7-2. Fisjon (deling) av statsføretak
Fisjon (deling) av statsføretak
(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak (det overdragande føretaket) skal
a) fordele eigedelane, rettane og forpliktingane sine på føretaket sjølv og eitt eller fleire overtakande statsføretak, eller
b) fordele eigedelane, rettane og forpliktingane sine på to eller fleire overtakande statsføretak.
(2) Styret i det overdragande føretaket skal utarbeide ein fisjonsplan. Aksjeloven §§ 13-6, 13-9, 13-11 og 14-4 første ledd nr. 1 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar. Ved fisjon ved overføring til eksisterande føretak skal styra i dei føretaka som deltek, utarbeide ein felles fisjonsplan.
(3) I det overdragande føretaket blir fisjonen vedteken ved at føretaksmøtet godkjenner fisjonsplanen. Ved fisjon ved overføring til eksisterande føretak er det føretaksmøtet i det eller dei overtakande føretaka som gjer vedtaket om fisjon.
(4) Aksjeloven §§ 14-7 til 14-11 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar.
Reglene forklarer hvordan et statlig foretak kan deles i to eller flere foretak. Dette krever et vedtak fra Kongen i statsråd og en godkjent plan for hvordan eiendeler, rettigheter og forpliktelser skal fordeles.AI
Se ogsåAksjeloven § 13-6Aksjeloven § 13-9Aksjeloven § 13-11Aksjeloven § 14-4
Sammenheng
Se også6
Koblinger for § 7-2 i statsføretakslova.