Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 30. Mishald frå festaren

Tomtefestelova·Kapittel V. Mishald og mishaldsverknader

Mishald frå festaren

Ved vesentleg mishald frå festaren kan bortfestaren heve festeavtala, om ikkje anna fylgjer av det som er avtalt. Det kan ikkje avtalast at bortfestaren skal kunne heve utan at mishaldet er vesentleg. Etter at festaren har bygd hus på tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus, kan bortfestaren ikkje heve på grunn av at festaren forsømer å betale festeavgifta i rett tid. Det same gjeld i andre festehøve når tomta er festa bort for 99 år eller meir eller på uavgrensa tid utan oppseiingsrett for bortfestaren. Tap og kostnader som skuldast mishald frå festaren kan bortfestaren berre krevje skadebot for når festaren har vore aktlaus.

Grunneieren kan heve festeavtalen ved vesentlig mislighold, med mindre annet er avtalt. Det er imidlertid ikke lov å avtale at heving skal kunne skje uten at misligholdet er vesentlig. For bolighus og fritidshus kan ikke avtalen heves kun på grunn av forsinket betaling av festeavgiften.AI

Les hele loven i sammenheng →