Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 5-5. Gyldig fråvær

UiBs studieforskrift·Kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær

Gyldig fråvær

(1) Fråvær som skuldast desse forholda er gyldig: a) eigen sjukdom som gjer gjennomføringa av undervising eller eksamen umogleg eller urimeleg å krevje, b) sjukdom hjå barn som studenten har omsorg for, innanfor dei avgrensingane som følger av arbeidsmiljøloven § 12-9, c) dødsfall i nær familie eller hjå andre studenten har eit nært forhold til, for ein periode på inntil to veker frå dødsfallet, d) gravferd ol. til personar i nær familie eller som studenten har eit nært forhold til, e) lovpålagt oppmøte annan stad og f) andre forhold som gjer det heilt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører. (2) Grunnlag for gyldig fråvær må dokumenterast på eigna måte. Sjukdom ol. skal dokumenterast med erklæring frå lege, eller anna helsepersonell som nemnd i Forskrift om unntak frå legeerklæringsvilkåret. Dokumentasjonen skal gjere greie for sjukdomen, kva dagar som er vurderte, og stadfeste at gjennomføringa av undervising eller eksamen var umogleg eller urimeleg å vente. (3) Dokumentasjon for gyldig fråvær skal leverast så snart som råd, og seinast to veker etter at den obligatoriske undervisingsaktiviteten eller eksamenen vart avslutta.

Bestemmelsen forklarer når fravær fra undervisning eller eksamen regnes som gyldig, og hvordan dette skal dokumenteres. Det kreves dokumentasjon, for eksempel legeerklæring, som må leveres innen en bestemt tidsfrist.AI

Se ogsåArbeidsmiljøloven § 12-9 første ledd

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 5-5 i uibs-studieforskrift.

Les hele forskriften i sammenheng →