Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 5-6. Rettar ved gyldig fråvær

UiBs studieforskrift·Kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær

Rettar ved gyldig fråvær

(1) Studentar med gyldig fråvær frå obligatorisk undervisingsaktivitet har rett til ny gjennomføring før eksamen i emnet, dersom det er praktisk mogleg og ikkje inneber ein uforholdsmessig byrde for fakultetet. (2) Studentar med gyldig fråvær frå førre vanlege eksamen i eit emne har rett til ny eksamen (kontinuasjonseksamen). Kontinuasjonseksamen skal haldast så tidleg som råd og har som føremål at studenten kan oppretthalde studieprogresjonen trass i sjukdom mv. (3) Kontinuasjonseksamen kan innebere utsett leveringsfrist, ny eksamensdato og andre tiltak som sikrar føremålet. (4) Fakultetet fastset nærare reglar om kontinuasjonseksamen i utfyllande reglar og/eller emneskildringa. Fakultetet kan vedta at kontinuasjonseksamen skal skje på eit bestemt tidspunkt for einskilde studieprogram og emne, dersom omsynet til studentane sin samla progresjon talar for det. Fakultetet kan vedta at retten til kontinuasjonseksamen etter andre avsnitt ikkje gjeld for studentar som allereie har bestått resultat i emnet. (5) Gyldig fråvær til eksamen tel ikkje som forsøk, jf. § 8-2.

Studenter med gyldig fravær fra obligatorisk undervisning kan ha rett til ny gjennomføring før eksamen. Ved gyldig fravær fra eksamen har man rett til en ny eksamen for å opprettholde studieprogresjonen. Gyldig fravær fra eksamen regnes ikke som et eksamensforsøk.AI

Se ogsåUiBs studieforskrift § 8-2referert av 3

Sammenheng

Se også1
Referert av3
Endringshistorikk1

Koblinger for § 5-6 i uibs-studieforskrift.

Les hele forskriften i sammenheng →