Forskrift
§ 10-1. Kva skytevåpen som omfattast av kravet til løyve for inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Kva skytevåpen som omfattast av kravet til løyve for inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i dette kapitelet meinast skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er underlagt løyve- eller meldeplikt etter våpenlova § 5, § 6 og § 7. Føresegnene i dette kapitelet gjeld også for følgjande skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, som er fritekne frå løyveplikt etter § 2-3:
1) apparat til slakting som ikkje brukar fritt prosjektil,
2) rednings- og harpungevær, som ikkje kan skyte patron med prosjektil,
3) skytevåpen som er konstruert for berre å kunne skyte ammunisjon utan prosjektil, og som oppfyller tekniske krav fastsett av Politidirektoratet,
4) svartkrutvåpen produsert før 1890, og
5) låskasser, piper eller ammunisjon til skytevåpen som nemnt i nummer 1 til 4.
Føresegnene om inn og utførsel av ammunisjon etter dette kapitlet gjeld ikkje for inn- eller utførsel av ammunisjon som går inn under lov 14. juni 1974 nr. 39 om eksplosive varer (gjeld berre for Svalbard).
Eksportkontrollova gjeld for varig utførsel av våpendelar som ikkje er underlagt løyve- eller meldeplikt etter våpenlova § 5, § 6 og 7.
Reglane i dette kapittelet gjeld for inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som krev løyve eller melding. Dette inkluderer også visse typar våpen som elles er fritekne frå løyveplikt, som til dømes eldre svartkrutvåpen.AI
Se ogsåVåpenlova § 5Våpenlova § 6Våpenlova § 7Våpenforskrifta § 2-3referert av 1 →
Sammenheng
Koblinger for § 10-1 i våpenforskrifta.