Forskrift
§ 2-3. Skytevåpen som er fritekne frå løyveplikt
Skytevåpen som er fritekne frå løyveplikt
Følgjande skytevåpen er fritekne frå løyveplikt:
1) apparat til slakting som ikkje brukar fritt prosjektil,
2) signalpistolar og andre innretningar for signalgjeving som ikkje kan skyte patron med prosjektil,
3) rednings- og harpungevær som ikkje kan skyte patron med prosjektil,
4) luft-, gass- eller fjørvåpen som er laga for å kunne skyte prosjektil med diameter på 4,5 millimeter eller mindre,
5) paintballvåpen,
6) airsoft våpen,
7) skytevåpen som er konstruert for berre å kunne skyte ammunisjon utan prosjektil, og som oppfyller tekniske krav fastsett av Politidirektoratet,
8) haglevåpen med enkeltskotlading som er lovlig erverva før 1. oktober 1990,
9) svartkrutvåpen produsert før 1890,
10) luft- og fjørvåpen produsert før 1900, og
11) armbrøst produsert før 1900.
Erverv og innehav av deaktiverte skytevåpen etter § 12-1 er ikkje løyvepliktig, men må meldast til politiet på fastsett skjema.
Listen viser hvilke typer skytevåpen man kan eie uten å ha tillatelse. Dette inkluderer blant annet visse luftvåpen, paintballvåpen og enkelte gamle samlervåpen. Deaktiverte våpen krever heller ikke tillatelse, men må meldes til politiet.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av11
- Våpenforskrifta § 2-1Krav om løyve
- Våpenforskrifta § 2-4Våpendelar som er underlagt løyve- eller meldeplikt
- Våpenforskrifta § 2-6Ammunisjon som er friteke frå løyveplikt
- Våpenforskrifta § 2-7Lengda på eit ervervsløyve
- Våpenforskrifta § 2-8Registreringsplikt for skytevåpen og våpendelar
- Våpenforskrifta § 5-5Erverv av replika-, luft- og fjørvåpen
- Våpenforskrifta § 6-3 første leddKrav til tryggleik for oppbevaring av ammunisjon hos privatpersonar
- Våpenforskrifta § 6-6Krav til oppbevaring av skytevåpen og ammunisjon som ikkje er løyvepliktige
- Våpenforskrifta § 9-10Krav til løyve for å drive reparasjon, ombygging eller tilverking av skytevåpen eller våpendelar
- Våpenforskrifta § 10-1Kva skytevåpen som omfattast av kravet til løyve for inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenforskrifta § 14-1 første leddOvergangsreglar
Koblinger for § 2-3 i våpenforskrifta.