Forskrift
§ 9-10. Krav til løyve for å drive reparasjon, ombygging eller tilverking av skytevåpen eller våpendelar
Krav til løyve for å drive reparasjon, ombygging eller tilverking av skytevåpen eller våpendelar
Den som vil drive ervervsmessig, reparasjon, ombygging eller tilverking av skytevåpen eller våpendelar, som er løyvepliktige etter våpenlova § 5 og § 6, må ha løyve etter dette kapitelet. Kravet til løyve gjeld også for ervervsmessig tilverking av lyddemparar til løyvepliktige skytevåpen, samt for ervervsmessig reparasjon, ombygging eller tilverking av skytevåpen og våpendelar som er fritekne frå løyveplikt etter § 2-3 nr. 1 til 3.
Eit løyve etter første ledd kan berre gjevast for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er tillatne til jakt eller sportsskyting etter § 4-1, § 4-4, § 4-5 i denne forskrifta, samt våpenlova § 11 og § 12, med mindre det gjevast særskilt løyve etter våpenlova § 10.
Eit løyve etter første ledd kan avgrensast til å gjelde nærare bestemte skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, samt for einskilde former for reparasjon, ombygging eller tilverking av skytevåpen eller våpendelar.
Det kreves tillatelse for å drive kommersiell reparasjon, ombygging eller produksjon av skytevåpen, våpendeler og lyddempere. Tillatelsen gjelder i utgangspunktet kun våpen og ammunisjon som er lovlige til jakt eller sportsskyting.AI
Se ogsåVåpenlova § 5Våpenlova § 6Våpenforskrifta § 2-3Våpenforskrifta § 4-1referert av 2 →
Sammenheng
Se også9
Referert av2
Koblinger for § 9-10 i våpenforskrifta.