Forskrift
§ 10-3. Løyve for ervervsmessig innførsel
Løyve for ervervsmessig innførsel
Politiet kan gje næringsdrivande som har løyve etter våpenlova § 23 løyve til å innføre skytevåpen, våpendelar og ammunisjon for eit på førehand oppgjeve beløp, som ikkje kan vere større enn kr 500 000. Politiet kan berre gje løyve til innførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i kvantum som står i rimeleg forhold til den næringsdrivande sin omsetnad. Politiet kan i særlege tilfelle gje fritak frå beløpsgrensa eller lengda på løyvet.
Løyvet gjeld fram til det er innført varer for det oppgjevne beløpet, men likevel ikkje lengre enn seks månader. Tolletaten gjev ved innførselen ei datert påteikning av kva som er innført og verdien av det einskilde vareparti. Når løyvet er oppbruka eller utgått, skal løyvet leverast til Tolletaten som sender det til det politidistrikt som har gjeve løyvet.
Politiet kan gje løyve til å innføre skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er tillatne til jakt eller sportsskyting etter våpenlova § 11 og § 12. Politiet kan etter særskilt søknad også gje løyve til å innføre skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som ikkje er tillatne til jakt eller skytesport, samt gjenstandar som krev særskilt løyve etter våpenlova § 8, for vidaresal til personar som på førehand har fått løyve til å erverve og ha den aktuelle gjenstanden.
Næringsdrivende kan få tillatelse fra politiet til å importere skytevåpen, deler og ammunisjon for et bestemt beløp. Mengden varer må være rimelig i forhold til omsetningen, og tillatelsen har en tidsbegrensning.AI
Se ogsåVåpenlova § 23Våpenlova § 11Våpenlova § 12Våpenlova § 8referert av 1 →
Sammenheng
Referert av1
Koblinger for § 10-3 i våpenforskrifta.