Lov
Nynorsk
§ 23. Næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Våpenlova·Kapittel 7. Næringsverksemd, tilverking, merking, deaktivering samt godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar og skytebaner
Næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Den som skal drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, må ha løyve frå politiet. Med næringsverksemd etter første punktum meiner ein mellom anna handel, tilverking for sal, reparasjon eller ombygging, utleige eller mekling.
Det kan berre gjevast løyve etter første ledd til personar som oppfyller krava til personlege eigenskapar etter § 16 og krava til alder og fagkunnskap som vert gjevne i medhald av fjerde ledd.
Gjeld søknaden om løyve etter første ledd ein juridisk person, må føretaket oppfylle krava til vandel etter § 17. Dagleg leiar i organisasjonen, og andre som er ansvarlege for den daglege drifta, må i tillegg oppfylle krava til personlege eigenskapar etter § 16 og krava til alder og fagkunnskap som vert gjevne i medhald av fjerde ledd.
Kongen gjev forskrift om:
1) krav til alder og fagkunnskap for å kunne få løyve etter første ledd,
2) krav til opningstid, næringslokale, innreiing, utstyr, dokumentasjon, registrering og rapportering av drift i medhald av løyve etter første ledd.
Det kreves tillatelse fra politiet for å drive kommersiell virksomhet med skytevåpen, våpendeler eller ammunisjon. Dette inkluderer blant annet salg, reparasjon og utleie. Personer og firmaer som søker må oppfylle spesifikke krav til alder, fagkunnskap og vandel.AI
Sammenheng
Utfyllende forskrifter2
Se også2
Referert av19
- Våpenforskrifta § 2-2Løyvepliktige endringar i skytevåpen
- Våpenforskrifta § 2-4Våpendelar som er underlagt løyve- eller meldeplikt
- Våpenforskrifta § 2-5Krav til løyve for erverv av våpenmagasin med stor patronkapasitet
- Våpenforskrifta § 5-9Erverv og innehav til skytevåpen til næringsdrivande for testing og utvikling av ammunisjon
- Våpenforskrifta § 6-5 første leddKrav til tryggleik for oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon hos næringsdrivande med løyve etter våpenlova § 23
- Våpenforskrifta § 9-3Vilkår for løyve til å drive handel, mekling eller utleige av skytevåpen med vidare
- Våpenforskrifta § 9-12Vilkår for løyve
- Våpenforskrifta § 9-16Krav til merking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenforskrifta § 10-3Løyve for ervervsmessig innførsel
- Våpenforskrifta § 10-11Løyve til utførsel for næringsdrivande
- Våpenforskrifta § 11-5Kontroll av næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon
- Våpenforskrifta § 11-11Tilbakekall av løyve til å drive handelsverksemd med liten omsetnad
- Våpenforskrifta § 14-1 første leddOvergangsreglar
- Våpenlova § 19Krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenlova § 21Innførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenlova § 22Utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenlova § 24Overføring av løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til døds- eller konkursbu
- Våpenlova § 32Tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenlova § 41 første leddForskrifter
Koblinger for § 23 i våpenlova.