Lov
Nynorsk
§ 16. Krav til vandel og personlege eigenskapar
Krav til vandel og personlege eigenskapar
Politiet kan berre gje løyve til å erverve og ha løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7 til personar som oppfyller krav til vandel og edruskap, og som ikkje av andre grunnar er uskikka. Med uskikka etter første punktum meiner ein helsemessige forhold, tilknyting til kriminelle miljø eller andre forhold som påverkar evna til å bruke, eller tilliten til at vedkomande vil bruke gjenstanden i samsvar med vilkår eller føresetnader for løyvet.
Politiet kan i samsvar med forskrift fastsett i medhald av tredje ledd bestemme at personar som ikkje kan dokumentere kravet til vandel etter første ledd, må oppfylle krav til butid før det kan gjevast løyve til å erverve og ha løyvepliktige gjenstandar etter §§ 5, 6 eller 7.
Kongen gjev forskrift om kravet til vandel etter første ledd og kravet til butid etter politiregisterloven § 36 andre ledd.
Politiet gir bare tillatelse til å kjøpe og eie skytevåpen, våpendeler og ammunisjon til personer som har riktig vandel og er edru. Personen må ikke være uskikket på grunn av helse, kontakt med kriminelle eller andre forhold som svekker tilliten til at våpenet brukes riktig.AI
Se ogsåVåpenlova § 5Våpenlova § 6Våpenlova § 7Politiregisterloven § 36referert av 14 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter2
Referert av14
- Våpenforskrifta § 5-1 første leddErverv og innehav av skytevåpen og våpendelar som skal brukast av andre
- Våpenforskrifta § 5-10Erverv av våpen som ikkje reknast som skytevåpen
- Våpenforskrifta § 7-1Vilkår for fritak frå alderskravet på 18 år for erverv og innehav av haglevåpen, kombinasjonsvåpen og rifler
- Våpenforskrifta § 7-6Utfyllande føresegner for skikkavurderinga
- Våpenforskrifta § 11-15Systematisk elektronisk utveksling av opplysingar om avslag på søknad om løyve og tilbakekall av løyve
- Våpenforskrifta § 13-2Opplysningar som kan registrerast
- Våpenlova § 15Krav til alder
- Våpenlova § 17Krav til juridiske personar
- Våpenlova § 18Lån eller overlating av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenlova § 23Næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenlova § 30Politiet sin kontroll
- Våpenlova § 31Tilbakekall av løyve til å ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenlova § 38Forholdet til forvaltningsloven og bruk av automatiserte avgjerder
- Våpenlova § 41 første leddForskrifter
Koblinger for § 16 i våpenlova.