Hopp til innhold
Forskrift

§ 3-5. Våpendelar og ammunisjon

Våpenforskrifta·Kapittel 3. Våpentypar, våpendelar og ammunisjon det ikkje kan gjevast løyve for

Våpendelar og ammunisjon

Det er ikkje tillate å erverve, ha, tilverke, innføre eller omsette følgjande våpendelar eller ammunisjon: 1) delar til låskasse eller sluttstykke som er produsert for å kunne gjere eit skytevåpen med manuell omlading om til halv- eller heilautomatisk funksjon, 2) avtrekksmekanismar eller delar til avtrekksmekanismar som er produsert for å gjere eit halvautomatisk skytevåpen om til heilautomatisk funksjon, 3) skjefte eller ramme som gjer ein halvautomatisk pistol om til eit tohandsskytevåpen, 4) komplette patroner i kaliber 12,7X99, 5,7X28 eller 4,6X30, 5) komplette patroner med sporlysprosjektil, og 6) komplette patroner med prosjektil som har kjerne av hardmetall og som er konstruerte for å trenge gjennom verneutstyr. Første ledd gjeld ikkje for løyve som kan gjevast etter kapittel 4 og 5 i denne forskrifta eller våpenlova § 10.

Det er forbode å kjøpe, eige, lage, importere eller selje visse våpendelar og typar ammunisjon. Dette gjeld særleg delar som gjer våpen automatiske, visse pistolrammer og spesifikke typar patroner.AI

Se ogsåVåpenlova § 10referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 3-5 i våpenforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →