Hopp til innhold
Forskrift

§ 3-6. Ikkje tillatne gjenstandar som ikkje reknast som skytevåpen

Våpenforskrifta·Kapittel 3. Våpentypar, våpendelar og ammunisjon det ikkje kan gjevast løyve for

Ikkje tillatne gjenstandar som ikkje reknast som skytevåpen

Det er ikkje tillate å erverve, ha, tilverke, innføre eller omsette særskilt farlege gjenstandar som saknar eit lovleg bruksområde, og som står fram som eit valdsprodukt, som til dømes: 1) elektrosjokkvåpen, 2) peparspray, tåregasspray eller andre sjølvforsvarssprayar med tilsvarande verknad, 3) springknivar, 4) batangaknivar, 5) stilettar, 6) slåsthanskar, 7) batongar, 8) karatepinnar, 9) kastestjerner, 10) blåserør for å kunne skyte pilar eller andre gjenstandar, og 11) sprettertar. Det er heller ikkje tillate å erverve eller ha knivar med bladlengde frå 25 centimeter, medrekna machetar. Første punktum gjeld ikkje for den som ervervar eller har slik kniv i samband med arbeid, næringsverksemd, friluftsliv, hushaldet, sport, kulturelle aktivitetar eller andre aktverdige føremål, eller som har løyve etter § 5-6 eller § 5-10 i denne forskrifta eller våpenlova § 10. Første ledd gjeld ikkje for einskilde sprettertar eller andre ufarlege gjenstandar som er laga som leiketøy. Første ledd gjeld heller ikkje for den som har løyve i medhald av § 5-6 eller § 5-10 i denne forskrifta eller våpenlova § 10. Denne føresegna gjeld ikkje for peparspray eller batongar som er bestemt for eller tilhøyrar Kriminalomsorga. Denne føresegna gjeld heller ikkje for peparspray som er bestemt for eller tilhøyrar Tolletaten.

Det er forbudt å eie, lage, kjøpe eller selge spesielt farlige gjenstander uten lovlig bruksområde, som for eksempel peperspray, batonger og springkniver. Det er også forbudt å eie kniver med bladlengde fra 25 centimeter, med mindre kniven brukes til arbeid, friluftsliv eller andre gode formål.AI

Se ogsåVåpenforskrifta § 5-6Våpenforskrifta § 5-10Våpenlova § 10referert av 3

Sammenheng

Se også3
Referert av3
Endringshistorikk1

Koblinger for § 3-6 i våpenforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →