Forskrift
§ 6-5. Krav til tryggleik for oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon hos næringsdrivande med løyve etter våpenlova § 23
Våpenforskrifta·Kapittel 6. Oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Krav til tryggleik for oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon hos næringsdrivande med løyve etter våpenlova § 23
Personar som har løyve etter våpenlova § 23 til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon skal oppbevare skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i lokale med FG-godkjent ytterdør, som kan låsast med minst to FG-godkjente låsar. Vindauga i lokalet skal vere trygga med FG-godkjent innbrotssikkert glas og enten gitter eller rulleport, som skal vere FG-godkjent.
Utanom i forretninga si opningstid skal skytevåpen og vitale våpendelar låsast inn i våpenskap eller våpenrom som oppfyller dei tekniske krava etter § 6-1 første ledd. Ammunisjon skal låsast inn i særskilt skap som er utrusta med dirkefri lås, åtskilt frå skytevåpen.
Pistolar og revolverar og ammunisjon til skytevåpen skal i forretninga si opningstid vere nedlåst i monter i herda glas eller liknande som er utstyrt med dirkefri lås. Andre løyvepliktige skytevåpen skal låsast fast til vegg eller annan fastmontert innretning. Krava etter andre og tredje ledd gjeld ikkje for næringsdrivande som ikkje driv handel frå butikk.
Oppbevaringsstaden skal, i tillegg til krava i første til tredje ledd, tryggast med alarm som er FG-godkjent, og som har overføring til døgnmanna alarmstasjon som med eigne vektarar, eller med avtale med einskildpersonar eller føretak, kan rykke ut ved alarm. Alarmen, som nemnt første punktum, skal gje varsel ved inntrenging til forretninga, og det skal vere montert særskilte detektorar i lokale der det oppbevarast løyvepliktige skytevåpen eller ammunisjon, samt i eigne lokale rundt lokale der slike gjenstandar vert oppbevara. Eventuelle ytterdører som vender direkte inn i lokale der det oppbevarast løyvepliktige skytevåpen og ammunisjon skal tryggast med opningskontaktar.
Politiet skal ikkje godkjenne oppbevaring for løyvehavar etter våpenlova § 23, som skal oppbevare meir ammunisjon enn det som er nemnt i § 6-3 første ledd, før det er dokumentert at vedkomande har løyve etter brann- og eksplosjonsvernlova.
Krava til oppbevaring etter første til sjette ledd gjeld ikkje for løyve etter våpenlova § 23, som berre gjeld for luftvåpen, skytevåpen som ikkje kan skyte prosjektil, skytevåpen som er deaktiverte, eller tilverking av prosjektil. Løyvehavarar som nemnt i første punktum skal, utanom i forretninga si opningstid, oppbevare skytevåpen, eller vital del av skytevåpen i våpenskap eller våpenrom, som oppfyller dei tekniske krava etter § 6-1 første eller andre ledd. Ammunisjon skal oppbevarast nedlåst.
Se ogsåVåpenlova § 23Våpenforskrifta § 6-1Våpenforskrifta § 6-3 første leddreferert av 6 →
Sammenheng
Referert av6
- Våpenforskrifta § 5-6Erverv til museumsføremål
- Våpenforskrifta § 5-9Erverv og innehav til skytevåpen til næringsdrivande for testing og utvikling av ammunisjon
- Våpenforskrifta § 9-3Vilkår for løyve til å drive handel, mekling eller utleige av skytevåpen med vidare
- Våpenforskrifta § 9-12Vilkår for løyve
- Våpenforskrifta § 11-5Kontroll av næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon
- Våpenforskrifta § 14-1 første leddOvergangsreglar
Koblinger for § 6-5 i våpenforskrifta.