Hopp til innhold
Forskrift

§ 7-1. Vilkår for fritak frå alderskravet på 18 år for erverv og innehav av haglevåpen, kombinasjonsvåpen og rifler

Våpenforskrifta·Kapittel 7. Krav til alder og personlege eigenskapar for å kunne erverve og ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Vilkår for fritak frå alderskravet på 18 år for erverv og innehav av haglevåpen, kombinasjonsvåpen og rifler

Politiet kan gje mindreårige over 16 år fritak frå alderskravet for anna erverv enn kjøp og for innehav av haglevåpen, kombinasjonsvåpen eller rifler, samt våpendelar til desse skytevåpena. Politiet kan gje fritak etter første punktum til jaktbruk, sportsskyting eller minneverde etter kapittel 4 og 5. Eit fritak til sportsskyting føreset at den mindreårige i minst seks månader har vore aktiv medlem i godkjent skyttarorganisasjon. Mindreårige under 18 år kan ikkje gjevast løyve til å kjøpe skytevåpen. Politiet kan berre gje fritak etter første ledd når skytevåpena og løyvepliktige våpendelar kan oppbevarast av ein person som oppfyller krava til alder etter våpenlova § 15 og krava til personlege eigenskapar etter kapittel 7 i denne forskrifta og våpenlova § 16.

Personer over 16 år kan få dispensasjon fra aldersgrensen for å eie visse typer jakt- og sportvåpen, men kan ikke kjøpe våpen selv. Dette krever godkjenning fra politiet og at våpnene oppbevares av en person som oppfyller lovens krav.AI

Se ogsåVåpenlova § 15Våpenlova § 16

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 7-1 i våpenforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →