Lov
Nynorsk
§ 21. Innførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Våpenlova·Kapittel 6. Utlån, oppbevaring, transport og inn- og utføring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon·Sist endret 1. juni 2021
Innførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Den som skal føre løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7 inn i eller gjennom norsk tollområde, må ha løyve frå politiet. Første punktum gjeld også for gjenstandar som er deaktiverte i samsvar med reglane etter § 27. Politiet kan gje løyve etter første punktum når søkar kan dokumentere at innførselen oppfyller dei vilkåra som er fastsette i medhald av andre ledd.
Kongen gjev forskrift om:
1) vilkår for innførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon i medhald av løyve etter § 23,
2) vilkår for innførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til eige bruk,
3) mellombels innførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.
Det er krav om løyve frå politiet for å ta med løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon inn i eller gjennom Noreg. Dette gjeld også for gjenstandar som er deaktiverte. Politiet gir løyve dersom vilkåra i forskrift er oppfylte.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 7 mai 2021 nr. 33 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1415).
Se ogsåVåpenlova § 5Våpenlova § 6Våpenlova § 7Våpenlova § 27omtalt i 1 kilde →referert av 3 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter2
Referert av3
Nevnt i1
Koblinger for § 21 i våpenlova.