Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 30. Politiet sin kontroll

Våpenlova·Kapittel 8. Kontroll med tildelte løyve

Politiet sin kontroll

Politiet skal føre kontroll med at dei som har løyve etter denne lova, framleis oppfyller krava til personlege eigenskapar som er gjevne i eller i medhald av §§ 16 eller 17. Politiet kan føre kontroll med om andre vilkår eller føresetnader for løyve etter denne lova er oppfylte. Politiet kan som ein del av denne kontrollen krevje å få overlevert kopi av medlemslister frå godkjente skyttar- og våpensamlarorganisasjonar. Politiet skal ta hand om skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er løyvepliktige etter §§ 5, 6 eller 7, når vedkomande ikkje kan dokumentere lovleg tilkomst og når det ikkje ut frå omstenda synest klart at vedkomande likevel har løyve til å ha gjenstanden. Politiet kan ta hand om våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som ikkje er løyvepliktige når den som har, oppbevarer eller transporterer gjenstanden, ikkje oppfyller kravet til alder etter § 15 og ikkje er under forsvarleg tilsyn av myndig person. Gjenstandar som vert tekne hand om etter første punktum skal på førespurnad overlatast til eigar eller verje når eigaren er under 18 år. Politiet kan destruere gjenstandar som ikkje er kravd utleverte innan 12 månader. For å gjennomføre kontroll med om krava for oppbevaring etter § 19 andre ledd er oppfylte, kan politiet krevje tilgang til innehavar sin private bustad i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i medhald av § 41 nr. 28.

Politiet skal kontrollere at personar med våpenløyve framleis oppfyller krava til personlege eigenskapar. Dei kan også sjekke andre vilkår for løyve og krevje tilgang til private bustader for å kontrollere oppbevaring.AI

Se ogsåVåpenlova § 16Våpenlova § 17Våpenlova § 5Våpenlova § 6referert av 1

Sammenheng

Se også8
Referert av1

Koblinger for § 30 i våpenlova.

Les hele loven i sammenheng →