Lov
Nynorsk
§ 31. Tilbakekall av løyve til å ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Tilbakekall av løyve til å ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Politiet skal tilbakekalle løyve til å ha løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 og 7 når vedkomande ikkje lenger oppfyller vilkåra i eller i medhald av §§ 16 eller 17. Politiet kan også tilbakekalle løyve til å ha gjenstandar som er nemnde i første punktum, når vedkomande ikkje lenger har behov for eller annan rimeleg grunn til å ha den løyvepliktige gjenstanden.
På dei vilkåra som følgjer av første ledd første punktum, kan politiet gjere vedtak om at vedkomande ikkje kan erverve eller ha skytevåpen som er unnateke frå løyveplikt etter § 5 tredje ledd, samt våpendelar og ammunisjon til slike skytevåpen.
Når politiet har gjort vedtak etter første eller andre ledd, skal den vedtaket gjeld overlate gjenstandane til politiet i samsvar med pålegg frå politiet. Politiet kan også gje pålegg om at personar som har fått førehandsvarsel om tilbakekall av våpenløyve, mellombels skal overlate skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til politiet.
Når politiet har ein grunna mistanke om brot på vilkåra i eller i medhald av § 16, og det er grunn til å tru at våpenet kan misbrukast, kan politiet gje pålegg om at vedkomande skal overlate skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til politiet i inntil to veker før førehandsvarsel er sendt.
Den som har fått inndrege løyvet etter første eller andre ledd skal avhende gjenstandane innan 12 månader frå det tidspunktet løyvet vart inndrege. Politiet kan destruere gjenstandar som ikkje er avhenda innan dette tidspunktet utan nokon skyldnader til eigar. Politiet skal overlate gjenstandar som tilhøyrer andre enn den som har fått inndrege løyvet, til eigar.
Se ogsåVåpenlova § 5Våpenlova § 6Våpenlova § 7Våpenlova § 16referert av 5 →
Sammenheng
Referert av5
- Våpenforskrifta § 13-2Opplysningar som kan registrerast
- Våpenforskrifta § 14-1 første leddOvergangsreglar
- Våpenlova § 18Lån eller overlating av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenlova § 32Tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenlova § 41 første leddForskrifter
Koblinger for § 31 i våpenlova.