Kommunalt løyve til private vass- og avløpsanlegg
Kommunen kan etter søknad gi løyve til samanslåing eller vesentleg utviding av eit eksisterande privat vass- og avløpsanlegg eller til etablering av eit nytt anlegg dersom
a) det private anlegget ligg så langt frå kommunalt vass- og avløpsanlegg at kommunen ikkje kan krevje at busetnaden som det private anlegget tener eller skal tene, skal knytast til det kommunale anlegget med heimel i plan- og bygningslova §§ 27-1 og 27-2
b) kostnadene ved å knyte seg til det kommunale anlegget vil vere urimeleg store
c) eller andre særlege omsyn talar for samanslåing, utviding eller nyetablering.
Nye anlegg etter første ledd skal organiserast som partslag eigde av brukarane.
Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå kravet. Når særlege omsyn tilseier det, kan kommunen gjere enkeltvedtak om at også samanslåtte eller utvida anlegg skal organiserast som eit partslag eigd av brukarane. Kommunen avgjer om det elles skal stillast særlege vilkår for eit løyve etter første ledd.
Kommunen kan gi tillatelse til å bygge nye, utvide eller slå sammen private vann- og avløpsanlegg. Dette gjelder hvis anlegget ligger langt fra det kommunale nettet, kostnadene er urimelig høye eller andre spesielle hensyn taler for det. Nye anlegg skal som hovedregel organiseres som partslag eid av brukerne.AI
Se ogsåPlan- og bygningsloven § 27-1Plan- og bygningsloven § 27-2referert av 1 →
Sammenheng
Koblinger for § 3 i vass--og-avløpsanleggslova-2025.