Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4. Kommunale vass- og avløpsgebyr

Kommunale vass- og avløpsgebyr

Kommunen kan gi forskrift om at det skal betalast vass- og avløpsgebyr, om storleiken på gebyra i kommunen og om innkrevjing av gebyra. Kommunale vass- og avløpsgebyr skal vere eingongsgebyr for tilknyting og årlege gebyr. Når ein fast eigedom har tilknyting til ein kommunal vass- eller avløpsleidning, anten direkte eller gjennom ein privat samleidning, skal eigaren betale vass- og avløpsgebyr til kommunen i samsvar med forskrift gitt i medhald av første ledd. Det same gjeld når kommunen med heimel i plan- og bygningslova §§ 27-1 eller 27-2 har kravd at eigedomen skal ha slik tilknyting. Det kan krevjast gebyr etter andre ledd for ein eigedom som det ikkje er hus på, når kommunen kunne kravd tilknyting til ein kommunal vass- eller avløpsleidning om det hadde vore hus på eigedomen. Er det ikkje bygd på eigedomen på grunn av eit offentleg fastsett forbod mot bygging eller ein annan særleg grunn som eigaren ikkje har ansvaret for, kan det ikkje krevjast gebyr så lenge forbodet eller hindringa varar. Det kan, uavhengig av vilkåra i andre og tredje ledd, krevjast gebyr for eigedomar som slepp ut avløpsvatn i vassdrag, når kommunen legg vassdraget i ein lukka leidning. Kommunen kan ta bort alt eller noko av gebyret for eigedomar som det ikkje er hus på.

Kommunen kan bestemme at det skal betalast gebyr for vatn og avløp. Dette gjeld både for tilknyting og som årlege gebyr. Gebyret gjeld for eigedomar som er knytte til kommunale leidningar, eller der kommunen har kravd tilknyting.AI

Se ogsåPlan- og bygningsloven § 27-1Plan- og bygningsloven § 27-2omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Se også2
Referert av1
Nevnt i1

Koblinger for § 4 i vass--og-avløpsanleggslova-2025.

Les hele loven i sammenheng →