Krav til levering og bruk av kommunale avløpstenester
Kommunen har plikt til å ta imot sanitært avløpsvatn frå eigedomar som har tilknyting til eit kommunalt avløpsanlegg.
Eigarane av eigedomar som har tilknyting til eit kommunalt avløpsanlegg, skal vedlikehalde private avløpsleidningar og -installasjonar og bruke kommunen sine avløpstenester på ein måte som ikkje vanskeleggjer kommunen si plikt til å ta imot sanitært avløpsvatn etter første ledd. Plikta kan mellom anna gå ut på at abonnenten skal utbetre lekkasjar på sine private leidningar og installasjonar.
Kommunen kan ved påslepp av avløpsvatn til kommunalt avløpsanlegg gi forskrift eller gjere enkeltvedtak om krav til tiltak som er nødvendige for å sikre
a) at avløpsanlegget kan overhalde utsleppskrav
b) at avløpsanlegget ikkje blir skada
c) at det ikkje blir vanskeleg å drifte avløpsanlegget
d) at det ikkje blir vanskeleg å disponere avløpsslammet
e) vern av helsa til personale som arbeider ved anlegget.
Kommunen kan mellom anna fastsetje krav til innhaldet i og mengda avløpsvatn.
Kommunen plikter å ta imot avløpsvann fra eiendommer som er koblet til det kommunale anlegget. Eiendomseiere må vedlikeholde egne rør og bruke tjenesten slik at kommunens arbeid ikke hindres. Kommunen kan sette krav til vannmengde og innhold for å sikre drift og helse.AI
Sammenheng
Referert av7
- Vass- og avløpsanleggslova § 10Kortvarig stans i levering av kommunale vass- og avløpstenester
- Vass- og avløpsanleggslova § 11Pålegg om opplysningar
- Vass- og avløpsanleggslova § 12Pålegg om undersøkingar
- Vass- og avløpsanleggslova § 13Tilgang til eigedomar med tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg
- Vass- og avløpsanleggslova § 14Pålegg om retting
- Vass- og avløpsanleggslova § 16Tvangsmulkt
- Vass- og avløpsanleggslova § 17Når krav skal rettast mot festaren av grunnen
Koblinger for § 8 i vass--og-avløpsanleggslova-2025.