Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 11 f. Handsaming av personopplysningar

Veglova·Kapittel IIB. Personopplysningar.·Sist endret 20. juli 2018

Handsaming av personopplysningar

Vegstyremaktene etter kapittel II og tilsynsmyndigheita etter kapittel II A kan handsame personopplysningar når det er naudsynt for å utføre oppgåver gitt i eller i medhald av lova her, eller for å oppfylle internasjonale plikter under verkeområdet til lova. Det same gjeld eit statleg utbyggingsselskap for veg som er tildelt oppgåver i medhald av § 9 første ledd. Departementet kan gi forskrift om handsaming av personopplysningar, slik som føresegner om formålet med handsaminga, kva for opplysningar som kan handsamast, korleis opplysningar skal handsamast, vilkår for eventuell utlevering, bruk av datahandsamar, krav til sletting og krav til samanstillingar av personopplysningar til bruk for forsking og statistiske formål.
Noter (3)
  • EndringFøyd til med lov 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195).
  • Note 1Sjå EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5e (forordning (EU) 2016/679 ) art. 4 nr. 2.
  • Note 2Sjå EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5e (forordning (EU) 2016/679 ) art. 4 nr. 1.

Se ogsåVeglova § 9

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 11 f i veglova.

Les hele loven i sammenheng →