Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 9.

Veglova·Kapittel II. Vegstyremaktene.·Sist endret 1. januar 2025
Statens vegvesen med eit Vegdirektorat er vegstyremakt for riksvegar, under leiing av ein vegdirektør. Departementet gir nærare føresegner om korleis Statens vegvesen skal vere organisert, og kva styringsområde det skal ha. Departementet kan gi føresegn om at styremakt som Statens vegvesen har til å gjere vedtak som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av bestemte riksvegar, skal leggjast til eit statleg utbyggingsselskap for veg. Statens vegvesen kan i forskrift bestemme at styremakt som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av riksvegar, skal leggjast til fylkeskommunen og kommunen. Vegstyremakt for fylkesvegar er fylkeskommunen. Fylkeskommunen kan i forskrift bestemme at styremakt som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av fylkesveg, skal leggjast til Statens vegvesen og kommunen. Vegstyremakt for kommunale vegar er kommunen.

Bestemmelsen forklarer hvem som har ansvaret for ulike typer veger. Statens vegvesen har styringsmakten for riksvegar, fylkeskommunen for fylkesvegar og kommunen for kommunale vegar. Styringsmakt for utbygging, drift og vedlikehald kan i visse tilfeller flyttast mellom desse organa.AI

Endret 6. desember 2024
Endringshistorikk (7)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 5 juni 1964 nr. 1, 28 jan 1977 nr. 3, 30 juni 1978 nr. 71, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002 iflg. res. 21 juni 2002 nr. 576), 16 des 2016 nr. 100 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1606), 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869), 6 des 2024 nr. 74 (i kraft 1 jan 2025 iflg. res. 6 des 2024 nr. 2938).

omtalt i 6 kilderreferert av 5

Sammenheng

Utfyllende forskrifter4
Referert av5
Nevnt i6
Endringshistorikk7

Koblinger for § 9 i veglova.

Les hele loven i sammenheng →