Blir offentlig veg nedlagt, kan vedkomande styremakt gjere vedtak om at veggrunnen heilt ut eller delvis skal nyttast til anna offentlig vegføremål eller til føremon for ferdsla eller dei vegfarande. Som føremon for ferdsla eller dei vegfarande vert òg rekna at bruer, murar, vegstykke eller andre delar av vegen etter vegstyremakta sitt skjønn er verneverdig slik at den bør haldast ved like for komande slekter.
Nedlagd offentleg veg som ikkje blir nytta til anna føremål etter første ledd, kan vedkommande styremakt legge ut til bruk som privat veg etter denne lova.
Blir offentlig veg nedlagt, og veggrunnen ikkje blir nytta til anna føremål etter første ledd, og vegen heller ikkje blir utlagt til privat veg, har eigar av eigedom som støyter til vegen rett til å krevje veggrunnen lagt til eigedomen sin mot vederlag etter skjønn, eller dersom ny veg skal byggast over eigedomen hans, mot frådrag etter skjønn i vederlaget for eigedomsinngrep til slik veg. Støyter fleire eigedomar til vegen, skal moglig tvist om fordelinga avgjerast ved skjønn.
Når ein offentleg veg blir nedlagd, kan styresmaktene bruke grunnen til andre vegføremål eller bevare verneverdige delar. Vegen kan også bli gjort om til privat veg. Viss ingen av delane skjer, kan naboeigarar krevje å få kjøpe veggrunnen.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lover 30 juni 1978 nr. 71, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 8 i veglova.