Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 48.

Veglova·Kapittel V. Byggverk m.m., avkjørsle, gjerde og grind.·Sist endret 1. januar 2020
Grind eller ferist må ikkje utan løyve plasserast på offentlig veg der det ikkje før har vore slik innretning. Løyvet kan takast attende med to års varsel. Er det på det reine at grinda eller ferista ikkje er naudsynlig, kan det likevel krevjast at ho skal takast bort straks. Vegdirektoratet gir reglar om korleis grinder og ferister skal vere, og om vedlikehaldet av dei. Lovlig grind eller ferist på offentlig veg kan krevjast borttatt mot vederlag etter skjønn. Finn vegstyremakta det føremålstenlig, kan ho syte for at det i staden for grind blir lagt og halde ved like ferist eller anna liknande innretning. Eigar av grind på offentlig veg kan etter at han har fått løyve til det, legge ferist eller anna liknande innretning for på den måten å oppfylle gjerdehaldsplikta si. Det kan gis påbod om at ulovlig grind, ferist eller liknande innretning på offentlig veg skal fjernast eller endrast innan ein fastsett frist. Blir fristen ikkje halden, kan arbeidet gjerast på den ansvarlige sin kostnad. Vedtak om løyve, påbod m.m. etter denne paragrafen gjer Statens vegvesen for riksvegar, fylkeskommunen for fylkesvegar og kommunen for kommunale vegar.

Det er i utgangspunktet ikke lov å sette opp grind eller ferist på offentlig vei uten tillatelse. Myndighetene kan kreve at slike innretninger fjernes, og de setter reglene for hvordan de skal utformes og vedlikeholdes.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002 iflg. res. 21 juni 2002 nr. 576), 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869).

omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 48 i veglova.

Les hele loven i sammenheng →