Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 58.

Veglova·Kapittel VIII. Ymse føresegner.·Sist endret 1. januar 2020
På den ansvarlige eller eigaren sin kostnad kan skade som er gjort gjennom brot på føresegnene i § 57, første, andre eller tredje ledd utbetrast, og ting som er lagde eller kasta i strid med dei nemnde føresegnene, kan takast bort eller flyttast. Når tømmer eller anna er lagt på offentlig veg utanfor verksemd, bygg, forretning eller liknande, som endelig eller mellombels skal ta over det som er lagt der, er òg verksemda ansvarlig for betaling av dei utgiftene som er nemnde ovanfor. Politiet kan ta seg av dyr som i strid med føresegnene i § 57 fjerde ledd er komne inn på offentlig veg eller eigedomsområdet til offentlig veg. Kan dyret ikkje straks leverast attende til eigaren eller nokon på hans vegner, kan politiet sette det inn. Reglane i kapittel II i lov 16. juni 1961 nr. 12 om ymse beitespørsmål gjeld i så fall tilsvarande.

Skader på veg som følgje av lovbrot kan utbetrast for rekning av den ansvarlege eller eigaren. Ting som er kasta eller lagde i strid med reglane kan fjernast. Politiet kan ta hand om dyr som har kome inn på offentleg veg.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869).

Se ogsåVeglova § 57omtalt i 1 kilde

Sammenheng

Se også1
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 58 i veglova.

Les hele loven i sammenheng →