Det er forbode å skade offentlig veg eller å skade eller ta bort innretning som høyrer til offentlig veg.
På eigedomsområdet til offentlig veg er det forbode utan løyve frå vegstyremakta
1) å grave, sprenge, ta bort masser, hogge tre eller gjere anna inngrep,
2) å sette reklameinnretning eller anna innretning, å legge tømmer, ved, stein, torv, byggemateriale eller anna på annan stad enn der det er laga særskilt offentleg opplagsplass til slik bruk.
3) å kaste eller legge søppel, ugras e.l, eller å leide inn kloakkvatn eller drensvatn.
Heilt nær offentlig veg er det utan løyve av vegstyremakta forbode å legge søppel e.l. på ein slik måte at det kan verke skjemmande eller sjenerande for dei vegfarande eller for drifta av vegen.
Det er forbode å la dyr beite på inngjerda offentlig veg eller å tjore dyr slik at dei kan kome inn på eigedomsområdet til offentlig veg.
Det er forbudt å skade offentlig vei eller fjerne utstyr som hører til veien. Det er ikke lov å grave, sette opp reklame, legge ut materialer, kaste søppel eller slippe dyr inn på veien uten tillatelse fra vegmyndighetene.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996).
Sammenheng
Referert av2
Endringshistorikk1
Koblinger for § 57 i veglova.