Forskrift
§ 10-17. Mellombels utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Mellombels utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Personar med gyldig våpenløyve og lovleg opphald i riket, som skal reise frå norsk tollområde i inntil eitt år, kan ved utreisa ha med til personleg bruk, skytevåpen og våpendelar, samt rimelege mengder ammunisjon som passar i skytevåpenet, mot å syne Tolletaten gyldig våpenløyve.
Ved utførsel etter første ledd skal løyvehavaren ved utreisa gje ei skriftleg fråsegn på fastsett skjema i to eksemplar. Fråsegna skal stadfestast av Tolletaten, som skal ha det eine eksemplaret, og gje løyvehavar det andre eksemplaret.
Ved gjeninnførsel, skal Tolletaten føre kontroll med dei skytevåpen eller våpendelar som gjeninnførast. Om det ikkje er samsvar mellom dei skytevåpen eller våpendelar som vart utført og dei som skal gjeninnførast, skal Tolletaten sende melding om dette til det politidistrikt der løyvehavar er folkeregistrert.
Første til tredje ledd gjeld ikkje for personar med gyldig europeisk våpenpass, som til personleg bruk skal ha med skytevåpen og våpendelar som er innført i våpenpasset, samt rimelege mengder ammunisjon som passar til skytevåpenet, på reise utanfor norsk tollområde for eit tidsrom på inntil tre månader.
Sammenheng
Koblinger for § 10-17 i våpenforskrifta.