Forskrift
§ 4-14. Ammunisjonssamling
Våpenforskrifta·Kapittel 4. Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til jakt, sportsskyting og samling
Ammunisjonssamling
Politiet kan gje løyve til å erverve og ha ammunisjon til samling.
Personar som er godkjent som ammunisjonssamlar etter første ledd kan utan særskilt løyve erverve og ha inntil 10 ferdigladde patroner til rifler med prosjektildiameter inntil 8,2 millimeter, som enten er panserbrytande, brannstiftande eller som har sporlysprosjektil.
Politiet kan gje patronsamlarar som er godkjent etter første ledd løyve til å erverve og ha andre ammunisjonstypar enn dei som er nemnde i andre ledd, og som krev særskilt løyve etter våpenlova § 7 tredje ledd. Eit løyve etter første punktum kan berre gjevast for ammunisjon der tennmiddel og drivmiddel er fjerna, og som ikkje har eksplosivt prosjektil.
Politiet kan gje løyve til å samle på ammunisjon. Godkjende samlarar kan i visse tilfelle ha enkelte typar spesialammunisjon, eller få løyve til andre typar dersom drivmiddel og tennmiddel er fjerna.AI
Se ogsåVåpenlova § 7referert av 1 →
Sammenheng
Se også1
Koblinger for § 4-14 i våpenforskrifta.