Hopp til innhold
Forskrift

§ 6-7. Krav til transport og sending av skytevåpen og ammunisjon

Våpenforskrifta·Kapittel 6. Oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon·Sist endret 1. juli 2021

Krav til transport og sending av skytevåpen og ammunisjon

Den som transporterar skytevåpen på offentleg stad kan ikkje bære skytevåpenet i hylster eller liknande, som er festa til kroppen på ein slik måte at det gjev rask tilkomst til skytevåpenet. Den som transporterar skytevåpen eller ammunisjon etter våpenlova § 20 i motorvogn skal ha skytevåpen og ammunisjon under forsvarleg tilsyn. Skytevåpen eller ammunisjon som transporterast i motorvogn kan likevel forlatast utan forsvarleg tilsyn når skytevåpen og ammunisjon er pakka og skjult og motorvogna er låst, eller når vital del av skytevåpen er fjerna. Ved sending av løyvepliktige skytevåpen skal skytevåpenet tryggast slik at det ikkje kan brukast. Skytevåpenet kan enten tryggast med kammerlås eller liknande innretning, eller ved å sende ein vital våpendel i eiga sending. Ammunisjon skal ikkje pakkast saman med eit komplett skytevåpen. Den som skal sende eller transportere ammunisjon må i tillegg til krava som er fastsett i andre og tredje ledd også oppfylle krava til transport eller sending av eksplosivar etter brann- og eksplosjonsvernlova. Føresegnene i første og andre ledd gjeld ikkje for Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard kan gje nærare retningsliner om transport av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon på Svalbard.

Reglene bestemmer hvordan skytevåpen og ammunisjon skal fraktes og sendes. Våpen kan ikke bæres på kroppen for rask tilgang på offentlig sted, og må sikres ved sending. I bil skal utstyret være under tilsyn, eller låst og skjult.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 28 juni 2021 nr. 2250 (i kraft 1 juli 2021).

Se ogsåVåpenlova § 20referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 6-7 i våpenforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →