Hopp til innhold
Forskrift

§ 9-6. Krav til dokumentasjon for omsetnad med skytevåpen eller våpendelar

Våpenforskrifta·Kapittel 9. Næringsverksemd og merking

Krav til dokumentasjon for omsetnad med skytevåpen eller våpendelar

Løyvehavar skal laupande føre oppgåve over alle kjøp, sal, utlån eller andre former for utlevering eller erverv av løyve- eller meldepliktige skytevåpen eller våpendelar. Oppgåva skal opplyse om: 1) dato for mottak eller levering, 2) namn og adresse på seljar eller kjøpar, og 3) tal, type eller art, fabrikkmerke, modell, kaliber og nummer på skytevåpen eller våpendelar. Ved sal eller andre former for utlevering skal løyvehavar legge ved eit eksemplar av personen sitt ervervsløyve, eller salsmelding om det er sal til ein annan forhandlar. Ved kjøp eller anna erverv frå privatperson skal løyvehavar legge ved ei kjøpsmelding. Ved innførsel skal løyvehavar legge ved eit eksemplar av leverandøren sin faktura og fraktsetel. Løyvehavar skal innan ti dagar etter at ein transaksjon som nemnt i første ledd er gjennomført, sende slik oppgåve i elektronisk form til politiet der forhandlaren har sin forretningsstad. Løyvehavar skal ved utgangen av kvart kvartal sette opp ei ajourført oppgåve over sitt lager av løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar. Oppgåva skal opplyse om tal, type eller art, fabrikkmerke, modell, kaliber og nummer på skytevåpen eller våpendelar, og skal sendast til politiet innan ti dagar etter utløpet av kvart kvartal. Løyvehavar som får tilkomst til skytevåpen som ikkje er registrert i samsvar med reglane i § 2-8 skal straks varsle politiet.

Forhandlarar må føre løpande oversikt over alle kjøp, sal og utlån av skytevåpen og våpendelar. Informasjonen skal sendast elektronisk til politiet, og det skal førast kvartalsvise lister over lageret.AI

Se ogsåVåpenforskrifta § 2-8referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 9-6 i våpenforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →