Lov
Nynorsk
§ 9 b. Einerettar for drosjetransport
Einerettar for drosjetransport
(1) Fylkeskommunen kan tildele godtgjersle eller einerett for å tilby drosjetenester når det er nødvendig for å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod i enkeltturmarknaden i heile eller delar av fylket. Godtgjersle og einerett kan kombinerast. Fylkeskommunen fastset avgjerda om bruk av einerett i forskrift.
(2) Fylkeskommunen skal avgrense godtgjersla eller eineretten til eit fast definert område.
(3) Departementet kan, ut frå innbyggjartal og innbyggjartettleik, i forskrift fastsette område der fylkeskommunen kan tildele einerett.
(4) Tildeling av einerett eller godtgjersle som kompensasjon for plikt til offentleg teneste skal skje etter opne og etterprøvbare prosessar basert på objektive og transpararente kriterium.
(5) Fylkeskommunen kan tildele einerett for ein periode på inntil fem år.
(6) Fylkeskommunen kan gjere einerett gjeldande for drosjetenester i enkeltturmarknaden og kontraktmarknaden.
(7) Drosjeløyvehavarar som har einerett, kan utføre oppdrag frå einerettsområdet til ein kvar stad i eller utanfor einerettsområdet.
(8) Drosjeløyvehavarar som ikkje har einerett, kan ikkje utføre drosjetransport innanfor område der fylkeskommunen har tildelt einerett. Ein drosjeløyvehavar som ikkje har einerett, kan likevel transportere passasjerar inn i einerettsområdet. Han kan og transportere passasjerar frå eit einerettsområde til ein stad utanfor einerettsområdet dersom transporten er bestilt på førehand.
(9) Fylkeskommunen kan i einskildvedtak eller forskrift gje andre enn den som har einerett, rett til å køyre i einerettsområdet.
(10) Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar om einerettar.
Noter (1)
- EndringFøyd til ved lov 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn), 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, tidlegare § 9a).