Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Samferdselsdepartementet

Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy

Yrkestransportlova

lov/2002-06-21-45·71 paragrafer·Sist endret 1. juli 2026·Utforsk grafen
I kraft 2003-01-01Sist endret ved lov/2026-06-12-22 fra 2026-07-01
Innhold71 paragrafer

Kapittel 1. Allmenne reglar

Kva lova gjeld (virkeområde)

(1) Lova gjeld for transport med motorvogn eller fartøy i Noreg, jf. likevel § 10. (2) Luftputefartøy vert rekna som fartøy etter denne lova. (3) Beltebil reknast ikkje som motorvogn etter denne lova.

Loven gjelder for transport med motorvogn eller fartøy i Norge. Luftputefartøy regnes som fartøy, mens beltebil ikke regnes som motorvogn i denne sammenhengen.AI

Se ogsåYrkestransportlova § 10referert av 11 forskrift

Rutetransport

(1) Som rutetransport reknast regelmessig transport av personar i eit bestemt trafikksamband dersom transporten står open for alle, og på- og avstiging kan skje på stoppestader som er fastsette på førehand. (2) Følgjande transport skal likevel ikkje reknast som rutetransport: a) transport av personar frå ein stad og tilbake til denne, når motorvogna eller fartøyet ikkje vert nytta til transport av andre før heile turen er avslutta, b) transport av personar så framt minst ei overnatting er teken med i den sams prisen og dei påmelde passasjerane følgjer med på heile turen frå utgangspunkt til endepunkt, c) transport inkludert overnatting som er lagt til rette for regelmessig transport av grupper av personar frå eit avgangsområde til eit bestemmelsesområde, slik at den gruppa som har vore med på turen ut, først returnerer samla til avgangsområdet med ein seinare tur.

Regelen definerer hva som regnes som rutetransport, som er regelmessig transport av personer i et bestemt område som er åpen for alle med faste stoppesteder. Enkelte typer transport, som turer med overnatting eller lukket transport for én gruppe, regnes ikke som rutetransport.AI

omtalt i 2 kilderreferert av 1

Kapittel 2. Løyve

Løyve for persontransport med motorvogn registrert for meir enn 9 personar

(1) Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport med motorvogn registrert for meir enn 9 personar, må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass eller via digitale plattformer. (2) Løyve skal tildelast den som a) driv ei faktisk og varig verksemd i Noreg, b) har god vandel, c) har tilfredsstillande økonomisk evne, og d) har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.

Det kreves tillatelse for å tjene penger på persontransport med kjøretøy for mer enn 9 personer, eller for drosjelignende transport. Tillatelse gis til personer med faglig kompetanse, god vandel, økonomisk evne og en varig virksomhet i Norge.AI

Endret 15. august 2024 · i kraft 15. august 2024
Endringshistorikk (9)
  • 15. august 2024Kunngjøring av beriktiget versjon av endringslov til yrkestransportlova
  • 15. mars 2024Endringslov til yrkestransportlova
  • 26. mai 2023Endringslov til yrkestransportlova
  • 17. juni 2022Endringslov til yrkestransportloven
  • 19. juni 2020Endringslov til lov om endringer i yrkestransportlova (oppheving av behovsprøvingen for drosje mv. – utsatt iverksettelse)
  • 26. mai 2020Midlertidig lov om billettering på ferje som følge av utbrudd av covid-19
  • 21. juni 2019Endringslov til yrkestransportlova
  • 23. januar 2015Endringslov til yrkestransportlova
  • 21. juni 2013Endringslov til yrkestransportlova
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 21 nov 2014 nr. 1428), 21 juni 2019 nr. 67 (ikr. 1 juli 2019), 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210).

omtalt i 3 kilderreferert av 131 forskrift

Løyve for godstransport med motorvogn

(1) Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal godstransport med motorvogn eller motorvogn med tilhengar, med tillaten totalvekt over ei vektgrense som vert nærare fastsett av departementet, må ha løyve. Det same gjeld den som utfører godstransport mot vederlag med motorvogn som elles er friteken frå kravet til løyve i medhald av § 16, når transporten kan sjåast som ledd i næringsverksemd. § 4 andre ledd gjeld tilsvarande. (2) Som motorvogn etter første ledd reknast varebil, lastebil, kombinert bil og trekkbil tillaten brukt på offentleg veg.

Det er krav om løyve for å drive godstransport med motorvogn mot betaling dersom køyretøyet er over ei bestemt vektgrense. Dette gjeld både nasjonal og internasjonal transport, og omfattar også transport som er ein del av næringsverksemd.AI

Endret 26. mai 2023 · i kraft 26. mai 2023
Endringshistorikk (4)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 17 des 2010 nr. 1671), 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 21 nov 2014 nr. 1428), 26 mai 2023 nr. 16.

Se ogsåYrkestransportlova § 16Yrkestransportlova § 4omtalt i 2 kilderreferert av 51 forskrift

Behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn i rute

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med motorvogn må i tillegg til løyve etter § 4 første ledd ha særskilt løyve for rutetransport. (2) Løyve til persontransport i rute over ei viss lengd skal ikkje behovsprøvast. Departementet fastset i forskrift den nedre grensa for persontransport i rute som ikkje skal behovsprøvast. Den nedre grensa kan ikkje setjast lågare enn 80 km. Departementet kan fastsetje i forskrift at særlege former for persontransport i rute ikkje skal behovsprøvast utan omsyn til lengda på ruta. (3) Administrasjonsselskap som nemnt i § 23 treng ikkje løyve. (4) Den som har ruteløyve kan samstundes og med same motorvogn utføre godstransport utan særskilt løyve for transport av gods.

Den som vil tjene penger på persontransport i rute med motorvogn, må ha et spesielt løyve. Noen ruter over en viss lengde eller spesielle transportformer krever ikke behovsprøving. De som har ruteløyve kan også frakte gods med samme kjøretøy.AI

Endret 17. juni 2022 · i kraft 17. juni 2022
Endringshistorikk (5)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 21 juni 2019 nr. 66 (ikr. 1 jan 2020).

Se ogsåYrkestransportlova § 4Yrkestransportlova § 23omtalt i 13 kilderreferert av 121 forskrift

Behovsprøvd løyve for persontransport med fartøy i rute

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med luftputefartøy, eller med anna fartøy over 8 m lengde tilsvarande 4 bruttotonn må ha ruteløyve. § 4 andre ledd bokstav b og c og § 6 tredje ledd gjeld tilsvarande. (2) Det trengs likevel ikkje ruteløyve for: a) Transport mellom Noreg og andre land som tek med personar mellom stader i Noreg. b) Transport av inntil 12 personar, såframt det ikkje vert krevd passasjersertifikat etter lov om skipssikkerhet (skipssikkerhetsloven).

Det krevst ruteløyve for å ta betalt for persontransport i rute med luftputefartøy eller fartøy over 8 meter lengde. Det finnes unntak for transport mellom Noreg og utlandet, samt transport av opptil 12 personar under visse vilkår.AI

Endret 17. juni 2022 · i kraft 17. juni 2022
Endringshistorikk (4)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 16 feb 2007 nr. 9 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 16 feb 2007 nr. 170), 17 apr 2009 nr. 19 (ikr. 1 jan 2010 iflg. res. 4 des 2009 nr. 1456), 23 jan 2015 nr. 6 (ikr. 23 jan 2015 iflg. res. 23 jan 2015 nr. 56), 21 juni 2019 nr. 70 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 872), 17 juni 2022 nr. 70.

Se ogsåYrkestransportlova § 4Yrkestransportlova § 6omtalt i 8 kilderreferert av 6

Tildeling av løyve ved konkurranse

(1) Når det vert gjeve godtgjersle eller einerett ved tildeling av løyve, skal det nyttast konkurranse så langt det følgjer av lova her, lov 4. desember 1992 nr. 121 om fri utveksling av tjenester innen sjøtransport § 1 tredje ledd, lov 17. juni 2016 nr. 73 om offentlige anskaffelser og forskrifter gjevne med heimel i desse lovene. (2) Reglane i arbeidsmiljøloven §§ 16-2 til 16-7, om arbeidstakarane sine rettar ved overdraging av verksemd gjeld tilsvarande når løyvet blir tildelt ved konkurranse, dersom verksemda etter konkurranse blir driven med same type transportmiddel som før. (3) Løyvestyresmakta skal informere dei som vil delta i konkurransen, om kor mange tilsette den verksemda har som no har løyvet knytt til den rutetenesta konkurransen gjeld, og om deira alder, ansiennitet og lønns- og arbeidsvilkår. (4) Løyvestyresmakta kan krevje informasjonen nemnt i tredje ledd frå den som har løyve etter §§ 6 eller 7. (5) Den som får tildelt løyve gjennom konkurranse, må forplikte seg til å sikre at dei tilsette som direkte arbeider med å oppfylle kontrakten, får lønns- og arbeidsvilkår som ikkje er dårlegare enn det som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale, eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke. Tilsvarande plikt gjeld òg for underleverandørar. (6) Andre til femte ledd gjeld òg når konkurranse blir gjennomført av administrasjonsselskap på oppdrag frå løyvestyresmakta. (7) Departementet kan gje nærare forskrift om konkurranse.

Når det gis betaling eller enerett ved tildeling av løyve, skal det skje gjennom konkurranse. Den som vinner konkurransen må sikre at ansatte får lønns- og arbeidsvilkår som ikke er dårligere enn tariffavtaler eller det som er normalt for yrket og stedet.AI

Noter (2)
  • EndringEndra ved lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 sep 2009), 13 aug 2010 nr. 51 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 17 des 2010 nr. 1672), 9 juni 2017 nr. 40.
  • Note 1Sjå EØS-avtalen vedlegg XIII nr. 4a (forordning (EF) nr. 1370/2007 ).

Se ogsåArbeidsmiljøloven § 16-2Arbeidsmiljøloven § 16-7Yrkestransportlova § 6Yrkestransportlova § 7omtalt i 2 kilderreferert av 21 forskrift

Løyve for persontransport med motorvogn registrert for inntil 9 personar utanfor rute

(1) Den som mot vederlag, og med mål om forteneste, vil drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må ha drosjeløyve. § 4 andre ledd bokstav a til d gjeld tilsvarande. Løyveplikt gjeld òg for den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass eller via digitale plattformer. Løyveplikt etter tredje punktum gjeld sjølv om den som utfører transporten ikkje har mål om forteneste. (2) Den som har løyve etter denne føresegna, skal vere knytt til ein drosjesentral. Løyvehavar kan ikkje vere knytt til meir enn ein sentral. Løyvehavar skal rapportere dei opplysningane til sentralen som sentralen treng for å oppfylle pliktene etter §§ 9 d til 9 e i denne lova. Løyvehavaren skal sikre at betaling for all løyvepliktig drosjetransport vert registrert i taksameter hos ein drosjesentral som løyvehavar er knytt til. Løyvestyresmakta kan gje dispensasjon frå krava i dette leddet på vilkår som vert nærare fastsett av departementet i forskrift. (3) Løyvestyresmakta kan gje påbod om at drosjekøyring innanfor ein kommune skal drivast med motorvogn som har ei øvre grense for miljøskadeleg utslepp. Det skal setjast ein frist på minst fire år for å oppfylle krava. Løyvestyresmakta fastset forskrift om den øvre grensa for miljøskadeleg utslepp. (4) Den som har løyve etter denne føresegna, skal loggføre kvar drosjetur med start og sluttpunkt med ein modul med satellittbasert kommunikasjonssystem (GNSS) til løpande registrering og logging av den geografiske posisjonen til drosja. Opplysningane skal lagrast i 60 dagar. Departmentet kan gje nærare reglar om loggføring i forskrift. (5) Departementet kan gje forskrifter om korleis ei motorvogn skal vere utstyrt, herunder krav til taksameter eller andre kontrollutrustningar, når ho vert nytta til løyvepliktig transport etter denne paragrafen. (6) Departementet kan peike ut eit handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglane for kontrollutrustningar mv. vert følgde.
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 juli 2013), 24 mars 2017 nr. 11, 15 des 2017 nr. 111, 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn), 18 des 2020 nr. 161 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2877), 26 mai 2023 nr. 16 (i kraft 1 juni 2023 iflg res. 26 mai 2023 nr. 730), 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, gjeld andre ledd første, andre og tredje setning). Vert endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

Se ogsåYrkestransportlova § 4Yrkestransportlova § 9 dYrkestransportlova § 9 ereferert av 16

Drosjetilbod i enkeltturmarknaden

(1) Fylkeskommunen skal vurdere om det er eit tilfredsstillande drosjetilbod i enkeltturmarknaden i fylket som del av eit heilskapleg transporttilbod. (2) Fylkeskommunen kan sette i verk tiltak for å sikre omfang, kvalitet og pris på drosjetenestene i enkeltturmarknaden dersom det er nødvendig for å sikre eit tilfredsstillande transporttilbod. (3) Når fylkeskommunen og andre offentlege innkjøparar inngår kontrakt om drosjetenester, skal dei vurdere og ta omsyn til dei verknadene kontrakten vil ha på andre delar av drosjetilbodet og andre delar av transporttilbodet. Før kontrakt vert lyst ut, skal andre offentlege innkjøparar i dei områda kontrakten gjeld, høyrast.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874).

Einerettar for drosjetransport

(1) Fylkeskommunen kan tildele godtgjersle eller einerett for å tilby drosjetenester når det er nødvendig for å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod i enkeltturmarknaden i heile eller delar av fylket. Godtgjersle og einerett kan kombinerast. Fylkeskommunen fastset avgjerda om bruk av einerett i forskrift. (2) Fylkeskommunen skal avgrense godtgjersla eller eineretten til eit fast definert område. (3) Departementet kan, ut frå innbyggjartal og innbyggjartettleik, i forskrift fastsette område der fylkeskommunen kan tildele einerett. (4) Tildeling av einerett eller godtgjersle som kompensasjon for plikt til offentleg teneste skal skje etter opne og etterprøvbare prosessar basert på objektive og transpararente kriterium. (5) Fylkeskommunen kan tildele einerett for ein periode på inntil fem år. (6) Fylkeskommunen kan gjere einerett gjeldande for drosjetenester i enkeltturmarknaden og kontraktmarknaden. (7) Drosjeløyvehavarar som har einerett, kan utføre oppdrag frå einerettsområdet til ein kvar stad i eller utanfor einerettsområdet. (8) Drosjeløyvehavarar som ikkje har einerett, kan ikkje utføre drosjetransport innanfor område der fylkeskommunen har tildelt einerett. Ein drosjeløyvehavar som ikkje har einerett, kan likevel transportere passasjerar inn i einerettsområdet. Han kan og transportere passasjerar frå eit einerettsområde til ein stad utanfor einerettsområdet dersom transporten er bestilt på førehand. (9) Fylkeskommunen kan i einskildvedtak eller forskrift gje andre enn den som har einerett, rett til å køyre i einerettsområdet. (10) Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar om einerettar.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn), 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, tidlegare § 9a).

Løyve for å drive drosjesentral

(1) Den som vil drive drosjesentral, må ha løyve. Løyve skal tildelast søkjarar som oppfyller krava i § 4 andre ledd bokstav a til c. (2) Drosjesentralen skal ha ein dagleg leiar.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, tidlegare § 9b).

Se ogsåYrkestransportlova § 4referert av 3

Drosjesentralen sine plikter til å samle inn, lagre og sende inn informasjon

(1) Drosjesentralen skal ha opplysningar om: a) løyvehavarar som er knytte til sentralen, b) sjåførar som er tilsette hos tilslutta løyvehavarar, c) drosjer som er knytte til sentralen og registreringsnummeret på drosjene, d) taksameter som er installert i drosja, inkludert serienummer, e) talet på drosjer som til kvar tid er tilgjengelege for sentralen og kva for geografiske område drosjene dekker, f) dei drosjene dei tilknytte løyvehavarane disponerer som er tilpassa personar med nedsett funksjonsevne. (2) Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre opplysningar om posisjonsdata for drosjeturar som drosjeløyvehavaren har loggført etter § 9 fjerde ledd. Sentralen skal lagre opplysningane i 60 dagar. (3) Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre dei opplysningane som vert kravde med heimel i lov 19. november 2004 nr. 73 om bokføring for dei løyvehavarane som er knytte til sentralen. Sentralen skal lagre opplysningane i fem år etter slutten av rekneskapsåret. (4) Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre pris for drosjetransport i område der det er fastsett pristak med heimel i lov 11. juni 1993 nr. 66 om pristiltak for dei løyvehavarane som er knytte til sentralen. (5) Drosjesentralen sine administrative system skal årleg gjennomgå ein systemrevisjon for å sikre datatryggleik og datakvalitet. Systemrevisjonen skal dokumenterast gjennom ei uavhengig revisorfråsegn eller gjennom godkjent sertifiseringsordning. (6) Drosjesentralen skal, når styresmaktene ber om det, sende inn dei opplysningane som følgjer av første til femte ledd. (7) Opplysningar som er nemnde i første til femte ledd skal lagrast i EØS-området og vere tilgjengelege for styresmaktene på det formatet dei krev.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, tidlegare § 9c). Vert endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).

Se ogsåYrkestransportlova § 9 første leddreferert av 2

Klageordning og tilbod til personar med nedsett funksjonsevne mv

(1) Kvar drosjesentral skal ha ei klageordning. Kundar og andre med klageinteresse kan klage på pris og kvalitet på både sentralen og drosjeløyvehavar sine tenester. Drosjesentralen skal sørge for at kunden får opplysningar om klageretten, og om at klaga kan sendast til Forbrukertilsynet dersom kunden ikkje får medhald i klagen. (2) Drosjesentralen skal sørge for at ein tilstrekkeleg del av dei drosjene som er knytte til sentralen er utforma eller utstyrt for transport for personar med nedsett funksjonsevne i samsvar med gjeldande føresegner om tekniske krav til universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport. (3) Om det er fleire sentralar i same område, kan dei samarbeide om å oppfylle pliktene i andre ledd. (4) Ein drosjesentral som vil drive verksemd i fleire fylke, skal sende melding om dette til dei aktuelle fylkeskommunane.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, tidlegare § 9d).

referert av 2

Internkontroll og tilsyn

(1) Drosjesentralen skal sørge for at det vert innført og utøvd internkontroll i eiga verksemd og i verksemda til løyvehavarane som er knytte til sentralen. Internkontrollen skal gjennomførast i samarbeid med tilknytte løyvehavarar, arbeidstakarar og representantane deira. (2) Internkontrollen skal sikre at aktivitetane til løyvehavarane og sentralane vert planlagde, organiserte, utførte og vedlikehaldne i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av gjeldande regelverk for løyvehavarar, sentralar og deira tilsette. (3) Fylkeskommunen fører nødvendig tilsyn med at føresegnene om internkontroll, fastsette i eller i medhald av denne lova, vert etterlevde. Fylkeskommunen kan treffe vedtak med pålegg om retting der sentralen ikkje oppfyller krav eller etterlever pliktene som følgjer av denne føresegna eller forskrift om internkontroll i drosjeverksemd. Det skal setjast ein frist for retting. Dersom pålegget ikkje vert følgt, kan løyvet trekkast tilbake.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 juli 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874).

Unnatak frå sentralane sine plikter

Løyvestyresmakta kan gje sentralane unnatak frå pliktene etter §§ 9 d og 9 e.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, tidlegare § 9e).

Se ogsåYrkestransportlova § 9 dYrkestransportlova § 9 e

Pålegg om retting

Løyvestyresmakta kan treffe vedtak med pålegg om retting der sentralen ikkje oppfyller krav og etterlever plikter som følgjer av §§ 9 c, 9 d og 9 e. Det skal setjast ein frist for retting. Dersom pålegget ikkje vert følgt, kan løyvet trekkast tilbake.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, tidlegare § 9f).

Se ogsåYrkestransportlova § 9 c

Forskrifter om drosjesentralar

Departementet kan gje nærare forskrifter om krava til drosjesentralar og pliktene til sentralane etter denne lova.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), endra ved lov 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874, tidlegare § 9g).

Transport med motorvogn til eller frå utlandet mv

(1) Den som har forretningsstad i Noreg og som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå utlandet, må ha rett til å utføre tilsvarande transport innanlands og dessutan ha særskilt samtykke frå vedkommande stat dersom dette krevst. (2) Den som har forretningsstad i utlandet og som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå Noreg, må ha særskilt samtykke frå Noreg når ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part. (3) Den som ikkje har forretningsstad i Noreg kan ikkje utføre transport av personar eller gods mot vederlag mellom stader i Noreg, dersom ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part. I einskildvedtak kan departementet òg gje samtykke til slik transport for verksemder frå land som Noreg ikkje har tilsvarande avtale med. (4) Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar og vilkår for transport mot vederlag med motorvogn til eller frå Noreg, og for transport mot vederlag mellom stader i Noreg utført av den som har forretningsstad i utlandet.
Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 juli 2013).

omtalt i 2 kilderreferert av 63 forskrifter

Miljøkrav ved kjøp av køyretøy

Departementet kan i forskrift fastsetje at den som har løyve for persontransport etter lova her, eller løyvefritak, og som får godtgjersle eller einerett for å utføre offentleg teneste, skal stille nærare fastsette energi- og miljøkrav ved kjøp av køyretøy. Kravet gjeld for køyretøy som vert nytta ved levering av den offentlege tenesta.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 16 des 2016 nr. 103 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1610), endra ved lov 17 juni 2022 nr. 70.

Kapittel 3. Løyvestyresmakt

Løyve

(1) Løyve etter §§ 4 og 5 vert gjevne av Statens vegvesen. (2) Løyve etter §§ 9 og 9 c vert gjevne av fylkeskommunen.

Bestemmelsen fastslår hvem som gir tillatelse til yrkestransport. Statens vegvesen og fylkeskommunen er ansvarlige for ulike typer løyver.AI

Endret 19. september 2025 · i kraft 1. januar 2026
Endringshistorikk (5)
  • 19. september 2025Delt ikraftsetting av lov 20. juni 2025 nr. 111 om endringer i yrkestransportloven mv. (drosjetilbud, internkontroll, kontrollutrustning og tilknytning til sentral)
  • 20. juni 2025Endringslov til yrkestransportloven mv.
  • 15. august 2024Kunngjøring av beriktiget versjon av endringslov til yrkestransportlova
  • 15. mars 2024Endringslov til yrkestransportlova
  • 21. juni 2013Endringslov til yrkestransportlova
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 21 nov 2014 nr. 1428), 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874).

Se ogsåYrkestransportlova § 4Yrkestransportlova § 5Yrkestransportlova § 9 første leddYrkestransportlova § 9 comtalt i 2 kilder1 forskrift

Behovsprøvd løyve for persontransport i rute

(1) Departementet gjev løyve til riksvegferjer og til rutetransport som går gjennom to eller fleire fylke. (2) Med den avgrensinga som følgjer av første ledd, gjev fylkeskommunen løyve til rutetransport etter §§ 6 og 7. Kommunen gjev likevel løyve innanfor kommunegrensa når ansvar for kollektivtransport er overført til kommunen i samsvar med lov om overføring av ansvar for kollektivtransport.

Bestemmelsen forklarer hvem som har myndighet til å gi tillatelse til rutegående persontransport. Departementet, fylkeskommunen eller kommunen kan gi slike tillatelser avhengig av hvor transporten foregår og hvem som har ansvaret.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 16 juni 2017 nr. 64 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 759).

Se ogsåYrkestransportlova § 6Yrkestransportlova § 7omtalt i 1 kilde

Internasjonal transport og kabotasje utanfor EØS

(1) Tillatingar etter § 10 første ledd vert gjevne av Statens vegvesen. (2) Samtykke til transport etter § 10 andre og tredje ledd vert gjeve av departementet.

Statens vegvesen gir tillatelser til internasjonal transport. Departementet gir samtykke til transport i visse andre tilfeller.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 21 nov 2014 nr. 1428).

Se ogsåYrkestransportlova § 101 forskrift

Delegering

Departementet kan delegere sine oppgåver etter denne lova til fylkeskommunen.

Departementet har lov til å overføre sine oppgaver etter yrkestransportlova til fylkeskommunen.AI

Kapittel 4. Transport som kan drivast utan løyve

Eigentransport av gods

(1) Det trengst ikkje løyve etter § 5 for transport av eige gods (eigentransport) når transporten er ledd i anna næringsverksemd. (2) Likt med eige gods reknar ein gods som vedkomande har eller får rådvelde over i samband med kjøp, sal, lån, leige, framstilling, behandling og reparasjon. (3) Første ledd gjeld berre godstransport som er ein hjelpefunksjon i høve til verksemda si samla aktivitet, og utførast av eigaren av verksemda eller ein tilsett i denne. (4) – – –. (5) Første ledd gjeld berre motorvogn som verksemda eig eller har bruksrett til etter leasing- eller leigekontrakt som skal visast fram ved kontroll.

Det er ikke nødvendig med transporttillatelse når man frakter egne varer som en del av en annen næringsvirksomhet. Dette gjelder kun hvis transporten er en hjelpefunksjon i virksomheten og utføres av eieren eller en ansatt i kjøretøy virksomheten eier eller leier.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 17 des 2010 nr. 1671).

Se ogsåYrkestransportlova § 5referert av 5

Transport av post

Posten Norge AS treng ikkje løyve for transport av postsendingar som ligg innanfor samfunnspålagte oppgåver og som følgjer av selskapet sin konsesjon etter lov 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkende postsendinger (postloven). Unnatak frå løyveplikta gjeld berre transporter som Posten Norge AS utfører med motorvogner selskapet eig eller har bruksretten til etter leasing- eller leigekontrakt som skal visast fram ved kontroll.

Posten Norge AS trenger ikke tillatelse for å transportere postsendinger som er en del av deres samfunnsoppgaver. Dette gjelder kun for transport med biler selskapet eier eller leier.AI

Noter (2)
  • EndringEndra ved lov 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712).
  • Note 1Inkurie: Opphevd, sjå no lov 4 sep 2015 nr. 91 .

referert av 1

Eigentransport av personar

Det trengst ikkje løyve når ei verksemd transporterer eigne tilsette til eller frå arbeidsstaden. Likeins trengs det ikkje løyve når hotell eller liknande verksemd utfører transport av eigne overnattingsgjester. § 16 femte ledd gjeld tilsvarande.

En bedrift trenger ikke tillatelse for å frakte egne ansatte til og fra arbeidsplassen. Det er heller ikke påkrevd med tillatelse når hoteller eller lignende virksomheter frakter egne gjester.AI

Se ogsåYrkestransportlova § 16referert av 3

(Oppheva) — opphevet, ikke lenger i kraft.

Transport med ambulanse

Det trengst ikkje løyve for transport av sjuke eller skadde personar med godkjend ambulanse.

Det er ikke nødvendig med tillatelse for å frakte syke eller skadde personer dersom det brukes en godkjent ambulanse.AI

Endret 15. august 2024 · i kraft 15. august 2024
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 15 des 2017 nr. 111, 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210).

omtalt i 2 kilder

Særskilde transportar

(1) Departementet kan i forskrift eller einskildvedtak fastsetje unnatak frå kravet om løyve eller einskilde vilkår for løyve, for særskilte slag transportar eller motorvogner dersom det ikkje er i strid med internasjonal avtale der Noreg er part. (2) For unnatak frå kravet om løyve etter denne paragrafen gjeld § 11 tilsvarande.

Departementet kan bestemme at visse typer transport eller kjøretøy slipper kravet om tillatelse, eller få særskilte vilkår for dette. Dette forutsetter at det ikke bryter med internasjonale avtaler Norge er med i.AI

Endret 15. august 2024 · i kraft 15. august 2024
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210).

Se ogsåYrkestransportlova § 111 forskrift

Kapittel 5. Offentleg godtgjersle til rutetransport

Lokal rutetransport

(1) Fylkeskommunen har ansvar for å yte godtgjersle til rutetransport som fylkeskommunen vil opprette eller halde oppe innan eit fylke, jf. likevel § 24. (2) Vedtak av fylkeskommunane i saker om godkjenning av ruteplan, takstar og godtgjersle kan ikkje klagast til departementet. (3) Staten yter årleg rammetilskot til delvis dekning av fylkeskommunane sine utgifter. Tilskotet blir fordelt gjennom inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane etter reglar gjevne av Kongen. (4) Innan dei fristane departementet fastset, skal fylkeskommunane leggje fram budsjett, rekneskap og elles gje dei opplysningane som trengst for departementet si vurdering av framtidig samla behov for tilskot. (5) Med dei avgrensingane som følgjer av § 8 første ledd, fastset fylkeskommunen kontraktsform og retningsliner som skal gjelde ved inngåing av kontraktar om godtgjersle. (6) Dersom kommunen har fått overført ansvar for kollektivtransport etter lov om overføring av ansvar for kollektivtransport, gjeld første til femte ledd tilsvarande for kommunen.

Fylkeskommunen har ansvaret for å betale for lokal rutetransport i fylket. Staten gir et årlig tilskudd for å dekke deler av disse utgiftene. Hvis en kommune har overtatt ansvaret for kollektivtransporten, gjelder de samme reglene for kommunen.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010), 13 aug 2010 nr. 51 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 17 des 2010 nr. 1672), 16 juni 2017 nr. 64 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 759).

Se ogsåYrkestransportlova § 24Yrkestransportlova § 8omtalt i 2 kilderreferert av 2

Administrasjonsselskap

(1) Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at godtgjersle til rutetransport skal gå til eit selskap som administrerer rutesambanda i fylket. § 22 femte ledd gjeld tilsvarande. (2) Første ledd gjeld òg for kommunen der kommunen har fått overført ansvar for kollektivtransport etter lov om overføring av ansvar for kollektivtransport.

Fylkeskommunen eller kommunen kan bestemme at betaling for rutetransport skal utbetales til et selskap som administrerer rutetilbudene i området.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 13 aug 2010 nr. 51 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 17 des 2010 nr. 1672), 16 juni 2017 nr. 64 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 759), 17 juni 2022 nr. 70.

Se ogsåYrkestransportlova § 22omtalt i 3 kilderreferert av 1

Riksvegferjer

Departementet har ansvar for å yte godtgjersle til ferjer i riksvegsamband. For departementet gjeld § 22 femte ledd tilsvarande.

Departementet har ansvaret for å betale godtgjersle til ferjer som går i riksvegsamband.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010), 13 aug 2010 nr. 51 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 17 des 2010 nr. 1672).

Se ogsåYrkestransportlova § 22referert av 1

Kapittel 6. Sams føresegner

Tildeling av løyve

Løyve etter denne lova kan tildelast dei som fyller krava som er sette i lova eller i forskrift med heimel i lova. Eit selskap eller annan juridisk person kan tildelast løyve på vilkår som vert nærare fastsette av departementet.

Løyve til yrkestransport kan gis til dem som oppfyller lovens eller forskriftenes krav. Selskaper og andre juridiske personer kan få løyve på vilkår fastsatt av departementet.AI

referert av 11 forskrift

Politiattest

Det skal krevjast ordinær politiattest ved søknad om løyve etter denne lova, og etter at løyve er gitt etter ein tidsperiode som vert nærare fastsett av departementet.

Det kreves politiattest når man søker om tillatelse etter loven. Det kreves også politiattest etter at tillatelsen er gitt, etter en tidsperiode som departementet bestemmer.AI

Endret 23. januar 2015 · i kraft 23. januar 2015
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 23 jan 2015 nr. 6.

1 forskrift

Erklæring om at transportleiarar ikkje er skikka til å leie transportverksemd

(1) Løyvestyresmaktene skal erklære at ein transportleiar er uskikka til å leie transportverksemd dersom transportleiaren ikkje lenger oppfyller kravet til god vandel. Det skal gå fram av erklæringa at ho gjeld for den perioden kravet til god vandel ikkje er oppfylt. (2) Departementet kan gje nærare forskrift om erklæring om uskikka transportleiarar.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 21 nov 2014 nr. 1428).

Kor lenge eit løyve gjeld

(1) Løyve etter §§ 4, 5 og 9 gjeld i ti år. (2) Løyve etter § 9 c gjeld utan avgrensing i tid. (3) Behovsprøvde løyve etter §§ 6 og 7 gjeld i ti år. Ved bruk av konkurranse ved tildeling av løyve, eller når det følgjer av forskrift gjeve med heimel i denne lova, gjeld løyve for den tid inngått kontrakt om offentleg tenesteyting gjeld. Løyve som er gjeve når denne lova tok til å gjelde, gjeld for den tida dei er gjevne for. Løyvestyresmaktene kan ta att eit løyve før løyvetida er ute i samband med innføring av konkurranse for vedkommande rute eller ruteområde. (4) Departementet kan i løyvetida gjere endringar i forskriftene for løyvepliktig verksemd og i vilkår som er sette for eit løyve. Vil løyvehavaren ikkje halde fram med drifta på dei nye vilkåra, skal han få ei rimeleg tid til å leggje ned verksemda.

De fleste løyve gjeld i ti år, medan nokre gjeld utan tidsavgrensing. For enkelte løyve gjeld dei så lenge kontrakten om offentleg tenesteyting varer. Departementet kan endre vilkåra for løyva i løyvetida.AI

Endret 19. september 2025 · i kraft 1. januar 2026
Endringshistorikk (6)
  • 19. september 2025Delt ikraftsetting av lov 20. juni 2025 nr. 111 om endringer i yrkestransportloven mv. (drosjetilbud, internkontroll, kontrollutrustning og tilknytning til sentral)
  • 20. juni 2025Endringslov til yrkestransportloven mv.
  • 15. august 2024Kunngjøring av beriktiget versjon av endringslov til yrkestransportlova
  • 15. mars 2024Endringslov til yrkestransportlova
  • 21. juni 2019Endringslov til yrkestransportlova
  • 21. juni 2013Endringslov til yrkestransportlova
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010), 13 aug 2010 nr. 51 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 17 des 2010 nr. 1672), 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 21 nov 2014 nr. 1428), 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn), 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), 20 juni 2025 nr. 111 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 sep 2025 nr. 1874).

Se ogsåYrkestransportlova § 4Yrkestransportlova § 5Yrkestransportlova § 9 første leddYrkestransportlova § 6omtalt i 2 kilder1 forskrift

Overføring av løyve mv

Ein løyvehavar kan ikkje overlate løyvet sitt til andre utan samtykke frå løyvestyresmakta.

En person som har fått tillatelse til å drive yrkestransport, kan ikke gi denne tillatelsen videre til andre uten at myndighetene har sagt ja.AI

Tilbakekalling av løyve

(1) Løyvestyresmakta kan kalle tilbake løyve når løyvehavaren ikkje fyller dei krava som er sette i forskrifter og vilkår, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår som gjeld for å drive verksemda. (2) Døyr løyvehavaren, skal den som rår over buet hans straks sende melding om dødsfallet til den styresmakt som har gjeve løyvet. Det same skal gjerast om løyvehavaren går konkurs. Når løyvehavar døyr eller går konkurs, kan løyve takast att utan varsel. Departementet kan gje nærare føresegner om avvikling av løyve der løyvehavar døyr. (3) Når retten til å drive løyvepliktig verksemd etter lova har falle bort, skal løyvehavaren eller den som rår over buet hans, straks sende tilbake dei legitimasjonane og løyveskilta som han har fått frå løyvestyresmakta. (4) Når det er fastsett at løyve skal takast att, kan det samstundes gjerast vedtak om at vedkomande ikkje skal få nytt løyve før etter ei fastsett tid utan omsyn til at han fyller krava for å få nytt løyve.

Myndighetene kan trekke tilbake et løyve dersom kravene eller vilkårene ikke følges. Løyvet kan også tas tilbake uten varsel ved død eller konkurs. Det kan i tillegg besluttes at man ikke kan få nytt løyve i en bestemt periode.AI

Endret 17. juni 2022 · i kraft 17. juni 2022
Endringshistorikk (2)

referert av 11 forskrift

Elektronisk register over dei som har og dei som søkjer om løyve etter lova her

(1) Departementet skal opprette og drive eit elektronisk register over dei som har forretningsstad i Noreg, og som har eller som søkjer om løyve etter lova her. Registeret skal innehalde opplysningar knytt til løyve, mellom anna opplysningar om namn og juridisk form på verksemda, verksemda si adresse, talet på tilsette, namn på transportleiarar og løyvetype som er tildelt verksemda. I tillegg skal registeret innehalde opplysningar om vandel knytt til person og verksemd og opplysningar som vert nytta til å velje ut køyretøy til kontroll, jf. forskrifter gjevne i medhald av vegtrafikklova § 19 andre ledd. (2) Registeret skal koplast saman med dei elektroniske registera i dei andre EØS-landa for utveksling av informasjon etter vilkår som vert nærare fastsette av departementet. (3) Departementet kan gje nærare forskrift om registeret.
Noter (2)
  • EndringFøyd til ved lov 21 juni 2013 nr. 104 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 21 nov 2014 nr. 1428), endra ved lov 22 juni 2022 nr. 84 (i kraft 22 juni 2022 iflg. res. 22 juni 2022 nr. 1132).
  • Note 1Sjå EØS-avtalen vedlegg XIII nr. 19a (forordning (EF) nr. 1071/2009 ).

Se ogsåVegtrafikkloven § 19referert av 1

Handsaming av personopplysningar

Offentlege styresmakter kan handsama personopplysningar, mellom anna personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er naudsynt for å utføre oppgåver gjevne i eller i medhald av lova her. Det same gjeld for selskap og andre juridiske personar som utfører oppgåver gjevne i eller i medhald av lova, unntatt personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 10. Offentlege styresmakter og selskap eller andre juridiske personar som er gjevne løyve for persontransport med fartøy i rute i medhald av lova § 7, kan handsama personopplysingar når det er naudsynt for å utføre oppgåver innan billettering av køyretøy på ferje. Avgrensingane i første ledd andre punktum gjeld tilsvarande. Departementet kan gje forskrift om handsaming av personopplysningar, mellom anna om føremålet med handsaminga, kva for opplysningar som kan handsamast, kven som kan handsama opplysningar, vilkår for eventuell utlevering, krav til sletting og vidare handsaming for forsking og statistiske formål.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 17 juni 2022 nr. 70.

Se ogsåYrkestransportlova § 7

Merking av motorvogn

Departementet kan gje forskrifter om at motorvogn som vert nytta til løyvepliktig transport skal merkast med løyveskilt.

Departementet kan bestemme at kjøretøy som brukes til transport som krever løyve, skal ha et løyveskilt.AI

1 forskrift

Gebyr

(1) Departementet kan fastsetje i forskrift at det skal betalast gebyr for a) utferding av løyvedokument, løyveskilt eller annan dokumentasjon etter denne lova b) avvikling av løyveeksamen, førareksamen og utferding av kompetansebevis c) gjennomføring av tilsyn av kontrollutrustningar mv. (2) Departementet kan òg fastsetje i forskrift at den som mot vederlag driv persontransport med motorvogn og fartøy i rute, skal betale gebyr for tilknyting til og bruk av elektroniske støttesystem for billettering. Gebyret skal ikkje overstige kostnadene til utvikling og drift av elektroniske støttesystemer for billettering. I forskrifta kan departementet gje nærare føresegner om gebyrordninga, mellom anna om fastsetjing og innkrevjing av gebyr.

Departementet kan bestemme at det skal betales gebyr for utstedelse av dokumenter, eksamener, kompetansebevis og tilsyn. Det kan også kreves gebyr for bruk av elektroniske billettsystemer ved persontransport i rute, men dette kan ikke koste mer enn det systemet faktisk koster å utvikle og drive.AI

Endret 18. desember 2020
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 5 mai 2017 nr. 24, 9 juni 2017 nr. 40, 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn), 18 des 2020 nr. 161 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2877).

omtalt i 5 kilder2 forskrifter

Plikt til å gje statistikk mv

(1) Den som i samband med næring eller verksemd han driv, sender eller tek mot gods, og dei som driv eller direkte eller indirekte formidlar transport av personar eller gods mot vederlag, skal gje dei opplysningane som departementet krev ved gjennomføringa av denne lova. (2) Departementet kan gje forskrifter om statistikk for løyvepliktig transport og for transport som er friteken for løyveplikt etter denne lova.

Bedrifter som sender, tek imot eller formidlar transport av folk og gods mot betaling, må gi opplysningane departementet krev. Departementet kan lage reglar om statistikk for transport som er løyvepliktig eller friteken for løyveplikt.AI

1 forskrift

Passasjerrettar

(1) Departementet kan gje forskrift om gjennomføring og utfylling av reglar om busspassasjerrettar som er tekne inn i EØS-avtalen. (2) Departementet kan peike ut bussterminalar som skal tilby assistanse til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne, og kan gje nærare forskrift om slike ordningar. (3) Departementet kan gje forskrift om skiping av eit klageorgan for løysing av tvistar mellom passasjerar og den som driv persontransport med motorvogn i rute, eller andre som i samband med slik transport har plikter overfor passasjerane. Departementet kan gje forskrift om at klageorganet heilt eller delvis skal finansierast gjennom gebyr frå den som mot vederlag driv persontransport med motorvogn i rute, andre som er omfatta av ordninga, og klagarane. Departementet kan òg gje forskrift om innkrevjing av gebyr og forskrift som nemnt i luftfartsloven § 10-44 andre ledd første punktum og andre punktum nr. 1 til 3 og nr. 5 og 6. Reglane i luftfartsloven §§ 10-45 til 10-47 gjeld tilsvarande. Avgjerdene i klageorganet skal ikkje vere rettsleg bindande. (4) Departementet kan fastsetje at den som mot vederlag driv persontransport i rute med motorvogn i, til eller frå Noreg, eller andre som i samband med slik transport har plikter overfor passasjerane, skal vere omfatta av klageordninga i tredje ledd. (5) Departementet kan peike ut eit handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglar gjevne i, eller med heimel i, første til fjerde ledd vert følgde. Handhevingsorganet har tilsvarande kompetanse til å gjere gransking, krevje opplysningar frå ein kvar, gjennomføre kontroll på tenesteytaren sin eigedom med hjelp frå tenesteytaren, gjere testkjøp og hente inn stadfesting frå tenesteytar på vilkår som nemnt i marknadsføringslova § 34 og § 36 andre ledd. (6) Handhevingsorganet kan gjere vedtak om påbod eller forbod dersom det er nødvendig for å sikre at reglane i første til fjerde ledd vert etterlevde. For mellombels vedtak gjeld § 39 i marknadsføringslova tilsvarande. Handhevingsorganet kan på tilsvarande vilkår som nemnt i marknadsføringslova § 43 fremje krav om å fjerne digitalt nettinnhald mv. (7) For å sikre oppfylling av vedtak fastsett etter sjette ledd første og andre punktum skal handhevingsorganet fastsetje ei tvangsmulkt. Handhevingsorganet kan òg fastsetje tvangsmulkt for den som har plikt til å gje opplysningar, eller gje stadfesting som nemnt i femte ledd. Det kan gjerast unntak frå plikta til å fastsetje tvangsmulkt i særlege tilfelle. Marknadsføringslova § 41 gjeld elles tilsvarande. (8) Handhevingsorganet kan fastsetje lovbrotsgebyr for ei verksemd dersom verksemda eller nokon på vegne av verksemda har handla i strid med reglane i første til fjerde ledd. Dette gjeld òg dersom verksemda eller nokon på vegne av verksemda ikkje hjelper til ved gjennomføring av kontroll på tenesteytaren sin eigedom, jf. femte ledd. Departementet kan i forskrift gi reglar om utmåling av lovbrotsgebyret.
Noter (2)
  • EndringFøyd til ved lov 29 aug 2014 nr. 63 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 18 des 2015 nr. 1619), endra ved lover 20 mai 2020 nr. 42 (ikr. 1 juli 2020 iflg. res. 20 mai 2020 nr. 1032), 16 juni 2023 nr. 38 (i kraft 1 okt 2023 iflg. res. 16 juni 2023 nr. 930).
  • Note 1Sjå EØS-avtalen vedlegg XIII nr. 36aa (forordning (EU) nr. 181/2011 ).

Se ogsåLuftfartsloven § 10-44Yrkestransportlova § 3Luftfartsloven § 10-45Luftfartsloven § 10-47

Transportvedtekter

(1) Departementet kan i forskrift eller einskildvedtak gje reglar om transportvedtekter og om tilleggsavgift ved manglande gyldig billett i rutetransport. (2) Reisande med rutetransport som går inn under lova her, som i kontroll ikkje kan framvise gyldig billett, og som ikkje på staden betaler den tilleggsavgift som departementet har godkjend med heimel i første ledd, kan haldast tilbake av transportselskapet sine kontrollørar så lenge den reisande ikkje gjev tilstrekkelege opplysningar om namn, adresse og fødselsdato. Retten til å halde reisande tilbake gjeld òg mens dei opplysningane den reisande gjev vert stadfesta. (3) Retten til å halde reisande tilbake etter andre ledd gjeld berre når retten er godkjend av departementet som del av selskapet sine transportvedtekter. (4) Ein person kan ikkje verte halde tilbake dersom det etter omstenda vil vere eit uforholdsmessig inngrep. (5) Personar under 15 år bør ikkje haldast tilbake.

Departementet kan fastsette regler for transportvedtekter og tilleggsavgift ved manglende billett. Kontrollører kan i visse tilfeller holde tilbake passasjerer som ikke har gyldig billett eller betaler avgiften, så fremt personen ikke oppgir navn, adresse og fødselsdato.AI

referert av 12 forskrifter

Søksmålsfrist

Styringsorgan som har gjort vedtak etter denne lova, kan fastsetje at fristen for å reise søksmål skal vere to månader frå det kom fram melding om vedtaket til vedkommande part.

Myndighetene som har fattet et vedtak, kan bestemme at fristen for å saksøke er to måneder. Fristen regnes fra den dagen den berørte parten fikk melding om vedtaket.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra ved lov 26 jan 2007 nr. 3.

Utfyllande forskrifter

Departementet gjev nærare forskrifter om kvar enkelt løyveordning og utfyllande forskrifter til gjennomføring av lova. Departementet kan i forskrift stille krav til verksemd som er unnateke frå krav om løyve etter denne lova. Departementet kan i forskrift gjere unnatak frå reglane i finansavtalelova § 2-1 ved kjøp av billett til persontransport.

Departementet har myndighet til å lage utfyllende regler for løyveordninger og gjennomføring av loven. De kan også stille krav til virksomheter som slipper å ha løyve, samt gjøre unntak fra finansavtaleloven ved billettkjøp.AI

Endret 15. august 2024 · i kraft 15. august 2024
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210), 7 juni 2024 nr. 29 (i kraft 1 okt 2024 iflg. res. 7 juni 2024 nr. 925).

Se ogsåFinansavtaleloven § 2-1omtalt i 3 kilder9 forskrifter

Kapittel 7. Særlege fullmakter

Ekstraordinære tilhøve

Når samferdselsomsyn under ekstraordinære tilhøve gjer det naudsynt, kan departementet gje løyvehavar pålegg om å utføre visse transportoppgåver. Det same gjeld for andre som eig eller brukar motorvogner for gods- og persontransport og målepliktig fartøy.

Departementet kan pålegge transportbedrifter og eiere av kjøretøy eller fartøy å utføre spesifikke transportoppgaver dersom det er nødvendig av hensyn til samferdselsområdet under ekstraordinære forhold.AI

Noter (1)
  • EndringEndret ved lov 11 juni 2021 nr. 87 (ikr. 11 juni 2021 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1871).

omtalt i 1 kilde

Sivil transportberedskap

Departementet kan gje føresegner om den sivile transportberedskap i fredstid, ved beredskap, mobilisering og i krig samt ved ekstraordinære krisetilhøve. Departementet kan òg i føresegnene gjere unntak frå reglane i lova. Departementet kan pålegge fylkeskommunane transportberedskapsoppgaver.

Departementet kan lage regler for sivil transportberedskap i fredstid, ved krise, mobilisering og krig. De kan også gjøre unntak fra lovens regler og pålegge fylkeskommunene oppgaver knyttet til beredskapen.AI

Endret 26. mai 2023 · i kraft 26. mai 2023
Endringshistorikk (4)

omtalt i 1 kildereferert av 11 forskrift

Kapittel 7A. Kjøresetel

Virkeområde

Førar av drosje, turvogn og rutevogn må under løyvepliktig persontransport etter §§ 4, 6 og 9 ha kjøresetel i tillegg til førarkort. Kjøresetelen gjeld for heile landet og blir utferda av politimeisteren eller den han gir myndigheit der vedkommande bur. Det er ikkje nødvendig med ny kjøresetel ved skifte av bustad. Kjøresetel blir utferda for 10 år. For person som er fylt 60 år blir kjøresetelen utferda for 5 år, men ikkje lenger enn til innehavaren fyller 75 år. Etter fylte 70 år må gyldig legeattest som ikkje er eldre enn 1 år, takast med for at kjøresetelen skal vere gyldig. Dersom særlege helseforhold tilseier det, skal perioden kjøresetelen er gyldig for setjast kortare.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra ved lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 juli 2009), 23 jan 2015 nr. 6, 21 juni 2019 nr. 67 (i kraft 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn, endring endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94), 26 mai 2023 nr. 16, 15 mars 2024 nr. 10 (i kraft 1 sep 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1210).

Se ogsåYrkestransportlova § 4Yrkestransportlova § 6Yrkestransportlova § 9 første leddreferert av 1

Søknad om kjøresetel m.m

Søknad om kjøresetel skal gjerast på fastsett blankett. Legeattest og bevis for tilstrekkeleg fagleg kompetanse skal leggjast ved søknad om kjøresetel og søknad om fornying av kjøresetel. Bevis for tilstrekkeleg fagleg kompetanse etter første punktum gjeld ikkje ved fornying av kjøresetel utferda før 1. juli 2020. Dersom fornying av kjøresetel utferda før 1. juli 2020 ikkje skjer innan eit år etter at den gamle kjøresetelen går ut, må søknaden om ny kjøresetel leggjast ved bevis for fagkompetanse for førar. Dersom innehavar av kjøresetel ikkje lenger fyller dei krava som er sette for syn, hørsel og førleik, pliktar vedkommande å gi melding til politiet. Politiet skal gi kjøresetelen påteikning om eventuelle avgrensande vilkår.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lover 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn).

referert av 1

Vilkår for tildeling av kjøresetel m.m

Den som skal få kjøresetel, må vere fylt 20 år, ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka til å virke som førar og oppfylle dei same krava til helse som for førarkort klasse D og DE. Førar av drosje må i tillegg ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse og ha hatt førarkort klasse B utan avbrot i minst to år. For utlendingar krevst det 4 års butid i Noreg før kjøresetel kan utferdast. Kravet om butid gjeld likevel ikkje for a) EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten sin, b) utlendingar frå land utanfor EØS som har opphald i eit EØS-land og som kan leggje fram politiattest og bevis på lovleg opphald frå EØS-landet, c) utlendingar frå land utanfor EØS med tidlegare opphald i Noreg, der fråveret ikkje er av eit slikt omfang at det ikkje kan gjennomførast tilfredsstillande vandelskontroll. For tredjelandsborgarar som ikkje har fått opphaldstillating før innreise til Noreg, skal butida reknast frå den datoen søknaden om opphaldstillating vert registrert hos utlendingsstyresmaktene. For EØS-borgarar, og tredjelandsborgarar som har fått opphaldstillating før innreise til Noreg, vert butida rekna frå det tidspunktet som følgjer av politiregisterforskrifta § 28-4 andre ledd.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra ved lover 23 jan 2015 nr. 6, 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn).

Se ogsåPolitiregisterforskriften § 28-4referert av 2

Mellombels nekting av kjøresetel

Blir ein som ikkje har kjøresetel med skilleg grunn mistenkt for straffbart forhold, som kan vere avgjerande for retten til å få kjøresetel, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit bestemme at kjøresetel ikkje skal utferdast før saka er endeleg avgjort, likevel ikkje ut over tre månadar utan orskurd frå tingretten.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).

Beslag av kjøresetel

Finn politiet at innehavar av kjøresetel med skilleg grunn er mistenkt for straffbart forhold som kan medføre tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, jf. § 37 f andre ledd, kan ein polititenestemann ta kjøresetelen frå innehavaren. Spørsmålet om å oppretthalde beslaget skal så snart som mogeleg leggjast fram for ein tenestemann som tilhører påtalemakta. Avgjerda skal gjerast skriftleg. Dersom den mistenkte ikkje samtykker i beslaget, må spørsmålet om fortsett beslag av kjøresetel innan tre veker sendast tingretten til avgjerd.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).

Se ogsåYrkestransportlova § 37 f

Tilbakekalling og tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag

Politimeisteren eller den han gir myndigheit, kan treffe vedtak om å kalle retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag tilbake, dersom vedkommande ikkje lenger fyller krava etter § 37 c. Blir den som har kjøresetel ilagt straff, kan det i same dom eller ved førelegg fastsetjast tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag for ei bestemt tid eller for alltid, dersom allmenne omsyn elles krev det.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra ved lov 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn).

Se ogsåYrkestransportlova § 37 creferert av 2

Innlevering av kjøresetel

Ved beslag av kjøresetel, tilbakekalling eller tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, pliktar innehavaren straks å levere kjøresetelen til politiet.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).

Klage og unntak

For vedtak treft av politiet er Politidirektoratet klageinstans. I klagesak om krav til helse og førleik for kjøresetel skal politiet byggje på endeleg avgjerd frå Helsedirektoratet om helsemessige tilhøve. Gjeld klagen krav til førleik som er avgjort av Statens vegvesen, skal politiet byggje på den endelege avgjerda. Politidirektoratet kan i særskilde høve gjere unntak frå reglane i kapittelet her.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra ved lover 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010), 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869).

Forkorting på grunn av etterfølgjande forhold m.m

Tilbakekalling av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag er ikkje til hinder for at politimeisteren eller den han gir myndigheit utferdar ny kjøresetel dersom dei grunnar som medførte tilbakekallinga ikkje lenger er til stades. Dersom særlige grunnar talar for det, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit forkorte den perioden for tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag som er fastsett ved dom eller førelegg, jf. § 37 f. Dersom særs sterke grunner talar for det, kan perioden forkortast sjølv om minstetida etter lov eller forskrift ikkje er gått ut.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004).

Se ogsåYrkestransportlova § 37 f

Forskrift om kjøresetel

Departementet kan i forskrift gje nærare reglar om kjøresetel.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 23 jan 2015 nr. 6.

Mellombels unntak frå butidskrav for fordrivne frå Ukraina

For personar med mellombels kollektivt vern etter utlendingsloven § 34 som legg fram politiattest som klart framstår autentisk frå heimstaten sin, gjeld ikkje kravet i § 37 c andre ledd om butid for utferding av kjøresetel. Kjøresetel for personar med mellombels kollektivt vern som har budd mindre enn fire år i Noreg, gjeld berre persontransport med bil for persontransport med over 8 sitjeplassar i tillegg til førarsetet og tillaten totalvekt over 5000 kg. Politiet skal påføre kjøresetelen merknad om kva for kjøretøy han gjeld for. Part eller annan med rettsleg klageinteresse kan ikkje klage på avslag som har grunnlag i forhold kring autentisiteten til politiattesten. Politiet kan krevje at personar med mellombels kollektivt vern kjem til intervju for å vurdere om vilkåra etter § 37 c første ledd første punktum er oppfylte. Kjøresetel utferda med grunnlag i dette unntaket gjeld til innehavaren har budd fire år i Noreg, med mindre anna er bestemt om føresetnader som gjeld alder i § 37 a tredje ledd. Politiet skal påføre kjøresetelen merknad om kva for periode han gjeld for.
Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1212), oppheva ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2026), tilføyd ved lov 12 juni 2026 nr. 22 (i kraft 1 juli 2026 iflg. res. 12 juni 2026 nr. 1076). Vert oppheva ved lov 12 juni 2026 nr. 22 (i kraft 1 juli 2028).

Se ogsåUtlendingsloven § 34Yrkestransportlova § 37Yrkestransportlova § 37 cYrkestransportlova § 37 a

Kapittel 8. Kontroll, sanksjonar mv.

Kontroll

(1) Statens vegvesen og politiet har rett til å føre kontroll med føresegner som er gjevne i eller med heimel i denne lova. Departementet kan gje tilsette arbeidstakarar i andre offentlege organ rett til å føre kontroll etter denne lova. Kontroll vert utført langs veg eller ved transportverksemda sin forretningsstad. (2) Under kontroll kan kontrollorgana gjere gransking, krevje opplysningar frå ein kvar når opplysningane er naudsynte for å gjennomføre kontrollen, og gjennomføre kontroll ved transportverksemda sin forretningsstad med hjelp frå verksemda. (3) Kontroll etter denne lova kan gjerast ved bruk av elektroniske kontrollverktøy. Elektroniske kontrollverktøy kan brukast før, under og etter kontroll langs veg eller ved kontroll hos transportverksemda sin forretningsstad. (4) Departementet kan gje forskrift om kontroll etter denne lova.

Statens vegvesen, politiet og andre utvalde offentlege organ kan kontrollere at reglane i yrkestransportlova vert følgde. Kontrollen kan skje langs veg eller på verksemda sin forretningsstad, og elektroniske verktøy kan brukast.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 22 juni 2022 nr. 84 (i kraft 22 juni 2022 iflg. res. 22 juni 2022 nr. 1132).

omtalt i 1 kildereferert av 21 forskrift

Kontroll av eigentransport

Når kontrollmakta ber om det pliktar førar å gje tilgang til varerom, container, kapell o.l. på motorvogn som er friteken frå løyve i medhald av §§ 16 og 17.

Sjåførar som køyrer varer utan løyve, pliktar å gje kontrollmakta tilgang til varerom, container eller kapell på køyretøyet når det blir bede om det.AI

Se ogsåYrkestransportlova § 16Yrkestransportlova § 17

Forbod mot å bruke køyretøy, inndraging av kjennemerke og forvaring

(1) Den som har fullmakt til å føre kontroll etter denne lova, kan for så lang tid som det vert funne naudsynt, forby bruken av køyretøy som vert nytta til transport av personar eller gods utan påbode løyve eller anna godkjenning etter denne lova. Det kan krevjast at gods som blir transportert utan påbode løyve vert lasta om på staden. (2) Forbod mot å bruke eit køyretøy kan iverksetjast på staden. (3) Eit forbod etter første ledd kan sikrast ved å inndra kjennemerke og vognkort eller ved bruk av mekanisk eller elektronisk innretning. (4) Eit køyretøy som det er forbode å bruke, kan kontrollmakta, når ho meiner det trengst, ta i forvaring. Vert køyretøyet ikkje henta innan tre månader etter at forbodstida har gått ut, kan køyretøyet verte selt etter reglane i vegtrafikkloven § 37 femte til åttande ledd.

Personar med kontrollfullmakt kan forby bruken av køyretøy som vert nytta til transport av personar eller gods utan lovpålagd løyve. Forbodet kan iverksetjast på staden, og køyretøyet kan verte teke i forvaring.AI

Endret 26. mai 2023 · i kraft 26. mai 2023
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 18 des 2020 nr. 160 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2875).

Se ogsåVegtrafikkloven § 37 første leddomtalt i 2 kilderreferert av 1

Lovbrotsgebyr

(1) Den som har fullmakt til å føre kontroll etter denne lova kan påleggje lovbrotsgebyr til den som med vilje eller aktløyse bryt føresegner fastsette i medhald av denne lova. Når slikt lovbrot er gjort av nokon som har handla på vegne av eit føretak, kan lovbrotsgebyr påleggjast føretaket. Dette gjeld sjølv om lovbrotsgebyr ikkje kan bli pålagd nokon einskild person. Med føretak er her meint selskap, enkeltpersonføretak, stifting, foreining eller anna samanslutning, bu eller offentleg verksemd. (2) Departementet kan gje forskrift om kva for brot på reglar som er gjevne i medhald av denne lova, som skal kunne føre til lovbrotsgebyr. Departementet kan òg gje forskrift om fastsetjing og gjennomføring av pålegg om lovbrotsgebyr, reglar om betalingsfristar, gebyrets størrelse, rente og tilleggsgebyr dersom eit lovbrotsgebyr ikkje blir betalt ved forfall, og om at også andre enn den som er pålagd gebyret, er ansvarleg for at det blir betalt.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 19 juni 2009 nr. 108 (ikr. 1 jan 2010, men slik at lovbrotsgebyr berre kan påleggjast for brot på § 38 som har skjedd etter 1 jan 2010), endra ved lover 21 juni 2019 nr. 67 (ikr. 1 juli 2019), 26 mai 2023 nr. 16 (i kraft 1 mars 2024 iflg. res. 2 feb 2024 nr. 153).

referert av 1

Lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar

(1) Departementet kan påleggje oppdragsgjevar eit lovbrotsgebyr dersom oppdragsgjevaren bryt reglar som skal sikre openheit og ikkje-diskriminering i prosessen med å tildele konsesjonskontraktar for transporttenester etter lova her. Lovbrotsgebyret kan verte pålagt dersom eitt av følgjande vilkår er oppfylt: a) brotet er konstatert ved rettskraftig dom i ein norsk domstol, b) brotet er konstatert ved dom i EFTA-domstolen, eller c) norske styresmakter har innrømt brotet etter at saka er handsama i EFTAs overvakingsorgan. Dersom oppdragsgjevaren ikkje har hatt høve til å uttale seg i saka før innrømminga fann stad, og det er grunn til å rekne med at dette har hatt verknad på innrømminga, kan innrømminga ikkje gje grunnlag for lovbrotsgebyr. (2) Lovbrotsgebyret skal ikkje overstige 15 % av kontraktsverdien. (3) Ved utmåling av gebyret skal det særleg leggjast vekt på kontraktsverdien, kor grovt brotet er, om oppdragsgjevaren har gjort gjentekne brot, den preventive verknaden av lovbrotsgebyret, kor langt tilbake i tid brotet har skjedd, og om brotet har ført til skadebot, terminering eller avkorting av kontrakten. (4) Fristen for å betale lovbrotsgebyret er åtte veker frå vedtaket vart gjort. (5) Avgjerd om å påleggje lovbrotsgebyr etter denne føresegna skal følgje reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova så langt dei høver. Dersom ei avgjerd om lovbrotsgebyr vert bringa inn for ein domstol, kan domstolen prøve alle sidene av saka. Retten kan gje dom for realitet. (6) Lovbrotsgebyr kan ikkje påleggjast seinare enn tre år etter at kontrakten vart inngått. Fristen vert avbroten ved at det vert teke ut søksmål ved norsk domstol eller ved EFTA-domstolen for å få dom i saka, eller ved at EFTAs overvakingsorgan tek opp saka skriftleg med norske styresmakter. (7) I tilfelle der departementet sjølv eller eit anna statleg organ som er underlagt departementet gjer brot som nemnt i første ledd, kan departementet delegere kompetansen til å påleggje lovbrotsgebyret til Klagenemnda for offentlige anskaffelser. Avgjerd frå Klagenemnda for offentlige anskaffelser om å påleggje lovbrotsgebyr kan ikkje påklagast. (8) Departementet kan gje forskrift om fastsetjing av lovbrotsgebyret, medrekna utmåling av gebyret, renter og tilleggsgebyr og avgrensing av kva tenestekonsesjonskontraktar som fell inn under føresegna her.
Noter (2)
  • EndringFøyd til ved lov 11 des 2015 nr. 102.
  • Note 1Sjå forskrift 17 des 2010 nr. 1673 om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg XIII nr. 4a (forordning (EF) nr. 1370/2007 ).

Straff

Om nokon med vilje eller aktløyse bryt denne lova, forskrifter eller vilkår som er fastsette med heimel i lova, vert han straffa med bot. Forsøk på slike brot er også straffbart.

Det er straffbart med bot å bryte yrkestransportlova, tilhøyrande forskrifter eller fastsette vilkår. Dette gjeld både ved medvitne brot, uaktsame brot og forsøk på brot.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).

omtalt i 2 kilderreferert av 1

Tilbakehaldsrett i motorvogn og køyretøy som vert trekt av motorvogn

(1) Den som har fullmakt til å føre kontroll etter denne lova, kan halde tilbake motorvogn og køyretøy som vert trekt av motorvogn, dersom eigaren har fått eller truleg vil få bot eller lovbrotsgebyr for brot på føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova. Likestilt med eigaren er den som har disposisjonsrett over motorvogna eller køyretøyet som vert trekt av motorvogna. (2) Det kan berre tas avgjerd om tilbakehald når det er naudsynt for å sikre betaling av bot, lovbrotsgebyr og eventuelle kostnadar knytte til gjennomføringa av tilbakehaldet og når slikt tilbakehald er forholdsmessig. Ved vurderinga skal det takast omsyn til storleiken på bota eller lovbrotsgebyret, typen brot og tilhøva elles. (3) Tilbakehaldet skal ta slutt når betalinga er gjennomført eller kravet er sikra etter reglane i tvangsfullbyrdelsesloven § 3-4. (4) Dersom tilbakehaldet skal sikre betaling av ei bot, kan køyretøyet haldast tilbake til påtalemakta har tatt avgjerd om det skal gis bot. Påtalemakta avgjer om det er grunn til å halde fram tilbakehaldet. (5) Tilbakehaldet kan, om det er naudsynt, sikrast ved bruk av mekanisk eller elektronisk innretning. (6) Køyretøy som er haldne tilbake, kan seljast etter reglane i vegtrafikkloven § 37 femte til åttande ledd dersom beløpet ikkje er betalt innan tre månader etter rettskraftig avgjerd eller endeleg fastsett gebyr. Føresegnene i vegtrafikkloven § 38 gjeld tilsvarande for kostnadane knytte til gebyr.
Noter (1)
  • EndringFøyd til ved lov 18 des 2020 nr. 160 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2875).

Se ogsåTvangsfullbyrdelsesloven § 3-4Vegtrafikkloven § 37 første leddVegtrafikkloven § 38

Iverksetjing. Overgangsføresegner

Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelde. Reglar, forskrifter og vedtak som er gitt i medhald av lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel gjeld òg etter at lova her er sett i kraft.

Kongen bestemmer når loven begynner å gjelde. Tidligere regler, forskrifter og vedtak fra lov om samferdsel av 1976 skal fortsatt være gyldige.AI

Noter (1)
  • Note 1Frå 1 jan 2003 iflg. res. 20 des 2002 nr. 1695 .

1 forskrift

Endringar i andre lover

Frå den tid lova vert iverksett, vert det gjort følgjande endringar i andre lover: – – –

Denne bestemmelsen slår fast at andre lover endres når denne loven trer i kraft.AI

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hvilke transportmidler gjelder loven for?

Loven gjelder for transport med motorvogn eller fartøy i Norge. Luftputefartøy regnes som fartøy, mens beltebil ikke regnes som motorvogn i denne sammenhengen.

Åpne § 1
Hva skal til for at noe regnes som rutetransport?

Regelen definerer hva som regnes som rutetransport, som er regelmessig transport av personer i et bestemt område som er åpen for alle med faste stoppesteder. Enkelte typer transport, som turer med overnatting eller lukket transport for én gruppe, regnes ikke som rutetransport.

Åpne § 2
Hvem kan avgjøre hva som regnes som rutetransport?

Departementet kan bestemme hva som skal regnes som rutetransport dersom det er usikkerhet om dette. Dette kan gjøres gjennom generelle forskrifter eller i enkeltsaker.

Åpne § 3
Trengs det tillatelse for å kjøre mer enn 9 personer mot betaling?

Det kreves tillatelse for å tjene penger på persontransport med kjøretøy for mer enn 9 personer, eller for drosjelignende transport. Tillatelse gis til personer med faglig kompetanse, god vandel, økonomisk evne og en varig virksomhet i Norge.

Åpne § 4
Kven må ha løyve for å drive godstransport med motorvogn?

Det er krav om løyve for å drive godstransport med motorvogn mot betaling dersom køyretøyet er over ei bestemt vektgrense. Dette gjeld både nasjonal og internasjonal transport, og omfattar også transport som er ein del av næringsverksemd.

Åpne § 5
Hva kreves for å drive betalt persontransport i rute med motorvogn?

Den som vil tjene penger på persontransport i rute med motorvogn, må ha et spesielt løyve. Noen ruter over en viss lengde eller spesielle transportformer krever ikke behovsprøving. De som har ruteløyve kan også frakte gods med samme kjøretøy.

Åpne § 6
Må eg ha løyve for å drive rutegåande persontransport med betaling?

Det krevst ruteløyve for å ta betalt for persontransport i rute med luftputefartøy eller fartøy over 8 meter lengde. Det finnes unntak for transport mellom Noreg og utlandet, samt transport av opptil 12 personar under visse vilkår.

Åpne § 7
Må det brukes konkurranse når det gis betaling eller enerett ved tildeling av løyve?

Når det gis betaling eller enerett ved tildeling av løyve, skal det skje gjennom konkurranse. Den som vinner konkurransen må sikre at ansatte får lønns- og arbeidsvilkår som ikke er dårligere enn tariffavtaler eller det som er normalt for yrket og stedet.

Åpne § 8

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2025

  2. 2024

  3. 2023

  4. 2022

  5. 2020

  6. 2019

  7. 2017

  8. 2015

  9. 2014

  10. 2013

  11. 2010

  12. 2003

Forarbeider og bakgrunn

Vis alle 41 kilder
Innst. 525 L (2020-2021)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra transport- og kommunikasjonskomiteen

Stortinget · 25. mai 2021

Innst. 131 L (2020–2021)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra transport- og kommunikasjonskomiteen

Stortinget · 1. desember 2020

Innst. 140 L (2020–2021)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra transport- og kommunikasjonskomiteen

Stortinget · 1. desember 2020

Lovvedtak 81 (2019–2020)Forarbeider

Vedtak til lov om endringer i markedsføringsloven mv. (gjennomføring av forordning (EU) 2017/2394 om forbrukervernsamarbeid)

Stortinget · 21. april 2020

Innst. 204 L (2019–2020)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra den særskilte komité for å behandle spesielle saker vedrørende korona-krisen

Stortinget · 21. mars 2020

Lovvedtak 62 (2019–2020)Forarbeider

Vedtak til lov om forskriftshjemmel for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av Covid-19 mv. (koronaloven)

Stortinget · 21. mars 2020

Innst. 169 L (2019–2020)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra familie- og kulturkomiteen

Stortinget · 27. februar 2020

Innst. 3 S (2019–2020)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra finanskomiteen

Stortinget · 5. desember 2019

Innst. 312 L (2018–2019)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra transport- og kommunikasjonskomiteen

Stortinget · 28. mai 2019

Innst. 301 L (2018–2019)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra transport- og kommunikasjonskomiteen

Stortinget · 28. mai 2019

Innst. 300 L (2018–2019)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra transport- og kommunikasjonskomiteen

Stortinget · 28. mai 2019

Innst. 3 S (2018–2019)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra finanskomiteen

Stortinget · 5. desember 2018

Innst. 3 S (2017–2018)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra finanskomiteen

Stortinget · 7. desember 2017

Lovvedtak 2 (2017–2018)Forarbeider

Vedtak til lov om endringar i yrkestransportlova (samkøyring mv.)

Stortinget · 28. november 2017

Lovvedtak 1 (2017–2018)Forarbeider

Vedtak til lov om utprøving av selvkjørende kjøretøy

Stortinget · 28. november 2017

Innst. 32 L (2017–2018)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra transport- og kommunikasjonskomiteen

Stortinget · 21. november 2017

Innst. 292 L (2016–2017)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra transport- og kommunikasjonskomiteen

Stortinget · 16. mai 2017

Lovvedtak 61 (2016–2017)Forarbeider

Vedtak til lov om endringar i yrkestransportlova (miljøkrav for drosjer)

Stortinget · 7. mars 2017

Lovvedtak 11 (2016–2017)Forarbeider

Vedtak til lov om endringer i yrkestransportloven og lov om offentlige anskaffelser (forskrift om miljøkrav)

Stortinget · 29. november 2016

Innst. 41 L (2016–2017)Forarbeider

Innstilling til Stortinget fra transport- og kommunikasjonskomiteen

Stortinget · 8. november 2016

Innst. 3 S (2015–2016)Forarbeider

Innstilling fra finanskomiteen om skatter, avgifter og toll 2016

Stortinget · 7. desember 2015

Lovvedtak 2 (2015–2016)Forarbeider

Vedtak til lov om endringar i yrkestransportlova (lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar)

Stortinget · 12. november 2015

Lovvedtak 37 (2014–2015)Forarbeider

Vedtak til lov om endringar i yrkestransportlova (krav om butid for utferding av kjøresetel mv.)

Stortinget · 16. desember 2014

Innst. 115 L (2014–2015)Forarbeider

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om endringar i yrkestransportlova (krav om butid for utferding av kjøresetel mv.)

Stortinget · 9. desember 2014

Innst. 3 S (2014–2015)Forarbeider

Innstilling fra finanskomiteen om skatter, avgifter og toll 2015�

Stortinget · 8. desember 2014

Lovvedtak 91 (2013–2014)Forarbeider

Vedtak til lov om endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av EØS-reglar om busspassasjerrettar)

Stortinget · 16. juni 2014

Innst. 254 L (2013–2014)Forarbeider

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av EØS-reglar om busspassasjerrettar)

Stortinget · 10. juni 2014

Innst. 3 S (2013–2014)Forarbeider

Innstilling fra finanskomiteen om skatter, avgifter og toll 2014

Stortinget · 28. november 2013

Innst. 3 S (2012–2013)Forarbeider

Innstilling fra finanskomiteen om skatte-, avgifts- og tollvedtak, rammeoverføringer mv. til kommunesektoren, tilfeldige utgifter og inntekter og statsbudsjettets kapitler om utbytte mv. for 2013

Stortinget · 20. november 2012

Innst. 3 S (2011–2012)Forarbeider

Innstilling fra finanskomiteen om skatte-, avgifts- og tollvedtak, rammeoverføringer mv. til kommunesektoren, tilfeldige utgifter og inntekter og statsbudsjettets kapitler om utbytte mv. for 2012

Stortinget · 18. november 2011

Innst. 3 S (2010–2011)Forarbeider

Innstilling fra finanskomiteen om skatte-, avgifts- og tollvedtak, rammeoverføringer mv. til kommunesektoren, tilfeldige utgifter og inntekter og statsbudsjettets kapitler om utbytte mv. for 2011

Stortinget · 19. november 2010

Lovvedtak 66 (2009–2010)Forarbeider

Vedtak til lov om endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1370/2007 av 23. oktober 2007 om offentlig persontransport med jernbane og på vei og om oppheving av rådsforordning (EØF) nr. 1191/69 og 1107/70)

Stortinget · 10. juni 2010

1 flere kilder — utforsk hele grafen →

Forskrifter med hjemmel i denne loven

15 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Yrkestransportlova.

EØS-grunnlag

EU-rettsakter denne loven gjennomfører eller viser til.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.