Lov
Nynorsk
§ 37 b. Søknad om kjøresetel m.m
Søknad om kjøresetel m.m
Søknad om kjøresetel skal gjerast på fastsett blankett. Legeattest og bevis for tilstrekkeleg fagleg kompetanse skal leggjast ved søknad om kjøresetel og søknad om fornying av kjøresetel. Bevis for tilstrekkeleg fagleg kompetanse etter første punktum gjeld ikkje ved fornying av kjøresetel utferda før 1. juli 2020. Dersom fornying av kjøresetel utferda før 1. juli 2020 ikkje skjer innan eit år etter at den gamle kjøresetelen går ut, må søknaden om ny kjøresetel leggjast ved bevis for fagkompetanse for førar.
Dersom innehavar av kjøresetel ikkje lenger fyller dei krava som er sette for syn, hørsel og førleik, pliktar vedkommande å gi melding til politiet.
Politiet skal gi kjøresetelen påteikning om eventuelle avgrensande vilkår.
Noter (1)
- EndringFøyd til ved lover 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn).
Sammenheng
Koblinger for § 37 b i yrkestransportlova.