Lov
Nynorsk
§ 37 c. Vilkår for tildeling av kjøresetel m.m
Vilkår for tildeling av kjøresetel m.m
Den som skal få kjøresetel, må vere fylt 20 år, ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka til å virke som førar og oppfylle dei same krava til helse som for førarkort klasse D og DE. Førar av drosje må i tillegg ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse og ha hatt førarkort klasse B utan avbrot i minst to år.
For utlendingar krevst det 4 års butid i Noreg før kjøresetel kan utferdast. Kravet om butid gjeld likevel ikkje for
a) EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten sin,
b) utlendingar frå land utanfor EØS som har opphald i eit EØS-land og som kan leggje fram politiattest og bevis på lovleg opphald frå EØS-landet,
c) utlendingar frå land utanfor EØS med tidlegare opphald i Noreg, der fråveret ikkje er av eit slikt omfang at det ikkje kan gjennomførast tilfredsstillande vandelskontroll.
For tredjelandsborgarar som ikkje har fått opphaldstillating før innreise til Noreg, skal butida reknast frå den datoen søknaden om opphaldstillating vert registrert hos utlendingsstyresmaktene. For EØS-borgarar, og tredjelandsborgarar som har fått opphaldstillating før innreise til Noreg, vert butida rekna frå det tidspunktet som følgjer av politiregisterforskrifta § 28-4 andre ledd.
Noter (1)
- EndringFøyd til ved lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra ved lover 23 jan 2015 nr. 6, 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn).
Sammenheng
Se også1
Referert av2
Koblinger for § 37 c i yrkestransportlova.