Lov
Nynorsk
§ 37 k. Mellombels unntak frå butidskrav for fordrivne frå Ukraina
Mellombels unntak frå butidskrav for fordrivne frå Ukraina
For personar med mellombels kollektivt vern etter utlendingsloven § 34 som legg fram politiattest som klart framstår autentisk frå heimstaten sin, gjeld ikkje kravet i § 37 c andre ledd om butid for utferding av kjøresetel.
Kjøresetel for personar med mellombels kollektivt vern som har budd mindre enn fire år i Noreg, gjeld berre persontransport med bil for persontransport med over 8 sitjeplassar i tillegg til førarsetet og tillaten totalvekt over 5000 kg. Politiet skal påføre kjøresetelen merknad om kva for kjøretøy han gjeld for.
Part eller annan med rettsleg klageinteresse kan ikkje klage på avslag som har grunnlag i forhold kring autentisiteten til politiattesten.
Politiet kan krevje at personar med mellombels kollektivt vern kjem til intervju for å vurdere om vilkåra etter § 37 c første ledd første punktum er oppfylte.
Kjøresetel utferda med grunnlag i dette unntaket gjeld til innehavaren har budd fire år i Noreg, med mindre anna er bestemt om føresetnader som gjeld alder i § 37 a tredje ledd. Politiet skal påføre kjøresetelen merknad om kva for periode han gjeld for.
Noter (1)
- EndringTilføyd ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1212), oppheva ved lov 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2026), tilføyd ved lov 12 juni 2026 nr. 22 (i kraft 1 juli 2026 iflg. res. 12 juni 2026 nr. 1076). Vert oppheva ved lov 12 juni 2026 nr. 22 (i kraft 1 juli 2028).
Se ogsåUtlendingsloven § 34Yrkestransportlova § 37Yrkestransportlova § 37 cYrkestransportlova § 37 a
Sammenheng
Se også4
Koblinger for § 37 k i yrkestransportlova.