Lov
Nynorsk
§ 38. Kontroll
Kontroll
(1) Statens vegvesen og politiet har rett til å føre kontroll med føresegner som er gjevne i eller med heimel i denne lova. Departementet kan gje tilsette arbeidstakarar i andre offentlege organ rett til å føre kontroll etter denne lova. Kontroll vert utført langs veg eller ved transportverksemda sin forretningsstad.
(2) Under kontroll kan kontrollorgana gjere gransking, krevje opplysningar frå ein kvar når opplysningane er naudsynte for å gjennomføre kontrollen, og gjennomføre kontroll ved transportverksemda sin forretningsstad med hjelp frå verksemda.
(3) Kontroll etter denne lova kan gjerast ved bruk av elektroniske kontrollverktøy. Elektroniske kontrollverktøy kan brukast før, under og etter kontroll langs veg eller ved kontroll hos transportverksemda sin forretningsstad.
(4) Departementet kan gje forskrift om kontroll etter denne lova.
Statens vegvesen, politiet og andre utvalde offentlege organ kan kontrollere at reglane i yrkestransportlova vert følgde. Kontrollen kan skje langs veg eller på verksemda sin forretningsstad, og elektroniske verktøy kan brukast.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 22 juni 2022 nr. 84 (i kraft 22 juni 2022 iflg. res. 22 juni 2022 nr. 1132).
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 38 i yrkestransportlova.